Overraska NM-vinnarane
Flott velkomstkomité: Foreldre med flagg, kultursjef, varaordførar og ei blåserekkje sto og venta på skulekorpset.
Bildeserie:
Det som truleg er første NM-gull til eit skulekorps frå Os blei seint søndag kveld markert på staseleg vis då dei 22 unge musikantane kom med buss frå Larvik.
• Les òg: NM-siger til Os skulekorps (med liste over alle 22 musikantane)
Foreldra som skulle plukka opp ungdomane ved Oseana tok med seg både flagg og lett fyrverkeri, Os Musikkforening stilte med fire blåsarar.
– Det var Marit sin idé å stilla med litt musikk. Det regna så tungt i dag at vi måtte nøya oss med messing, men det er betre enn ingenting, seier Paul Valle.
Kom jublande ut av bussen
Fungerande ordførar Laila Marie Reiertsen og kultursjef Lisbeth Axelsen er glade for at dei i siste sving fekk tips om at noregsmeisterane «landa» ved Oseana klokka 22.40. Dei stilte med blomar og ei helsing.
Dei nybakte noregsmeisterane var med på notene med det same dei kom ut av bussen.
• Sjå video: Midtsiden sendte velkomsten direkte via Facebook.
Mens blåserekkja spelte «Congratulations» song skulekorpset «We are the champions» og følgde opp med «1-2-osablod» i beste fotball-stil.
– Det var heilt fantastisk å vinna, og ei fin avslutting for min og Maren sin del, seier Margrete Valle.
Ho og venninna Maren Benedicte Johnstad er begge 19 i år og har sin siste sesong i skulekorpset.
Tårevåt avskjed
– Det er så godt miljø i korpset, og det har vore så fint å reisa på tur saman alle desse åra. Eg kjem til å sakna det. Det blei ein tårevåt avskjed i går, seier Margerete, før ho deler ut fleire klemmar til venar på veg i bil med foreldre.
Maren reknar med at ho blir verande i Os etter at ho no er ferdig med vidaregåande, og at turen går vidare til Os Musikkforening.
– Du òg er klar for å spela med mor og far og dei andre vaksne, Margrete. Eller er de ikkje heilt einige om overgangssum?
– Ikkje heilt, svarer Margrete, og ser lurt på foreldra, Marit og Paul.
Mens Margrete og Maren blir senior skal dei 20 andre noregsmeisterane til hausten få med seg nye korpsmedlemmer frå juniorgruppa.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.