Lokal | 23. jan. 2015

Overraska over endringsønska

Solstrandsvegen AS vil auka prosjektet frå 50 til 74 leilegheiter og auke høgda på husværa, noko som overraskar både politikarar og naboar.

Overraska over endringsønska
Lars-Atle Drange frå ABO presenterte dei nye planane for Terje Sperrevik (TvS) og resten av plan- og bygningsutvalet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 23. jan. 2015 14:31

Bildeserie:

Prosjektet sett frå Hauge/Hatvikvegen (pkt 1) (ill: ABO)
Prosjektet sett frå Hauge/Hatvikvegen (pkt 1) (ill: ABO)
Prosjektet sett frå krysset Solstrandsvegen/Hatvikvegen (pkt 2) (ill. ABO)
Prosjektet sett frå krysset Solstrandsvegen/Hatvikvegen (pkt 2) (ill. ABO)
Prosjektet sett frå Solstrandsvegen (pkt 3) (ill: ABO)
Prosjektet sett frå Solstrandsvegen (pkt 3) (ill: ABO)
1 av 3
Prosjektet sett frå Hauge/Hatvikvegen (pkt 1) (ill: ABO)
Prosjektet sett frå krysset Solstrandsvegen/Hatvikvegen (pkt 2) (ill. ABO)
Prosjektet sett frå Solstrandsvegen (pkt 3) (ill: ABO)

I plan- og bygningsutvalet torsdag fekk Solstrandsvegen AS og plankonsulentane frå ABO komma og orientera om dei ønska endringane i den to år gamle reguleringsplanen. Solstrandsvegen AS har nemleg varsla oppstart av endringar av reguleringsplanen.

– Opnar vi for ein heilt ny praksis no, undra Harald Døsen (Ap).

– Då burde vi vel heller ha vore på synfaring, så vi hadde sikra at naboane også fekk sagt sitt.

Døsen fekk støtte frå Terje Sperrevik (TvS), som meinte at ei orientering ved oppstart blei heilt feil.

Utvalsleiar Ståle Skaatun (H) meinte det var greitt å få ei orientering. I tillegg hadde han opna for at naboane, representert ved Eirik Neverdal, skulle få sleppa til.

Stor tomt - plass til fleire

Bjørn-Atle Drange og Signe Mossige frå ABO orienterte om endringane på vegne av Solstrandsvegen.

– Endringa gjeld felta d, e og f.

– Då vi laga leilegheiter tilpassa marknaden for dei tre første punkthusa enda vi opp med 36 leilegheiter.

– I reguleringsføresegnene ligg det ei grense på 50 leilegheiter. Det tyder at vi har 14 igjen.

– Det gjer at vi har ei relativt stor tomt for 14 leilegheiter, tilrettelagt sentralt i Os, men med moglegheit til å bygge fleire.

– Vi vil trekkje husa nærare Hatvikvegen enn det som ligg i planen og vinkla dei mot Os.

– Parkering vil vi løysa i underetasjen, med det får vi større areal og vi tek betre ivare terrenget enn før.

– No endar vi på tilsaman 74 leilegheiter, altså i realiteten ei dobling, orienterte Drange.

Reagerte

Dette fekk Sigrid Aanestad Bakke (Krf) til å reagera.

– Eg blir overraska over at de verker overraska over at de berre har 14 leilegheiter igjen.

– Det var vel ein grunn til at taket blei satt på 50 då planen blei handsama sist. Eg tykkjer dette er litt merkeleg, kommenterte Bakke.

For einsformig

Svaret frå utbyggarane var at alle planar går ann å endra på og at tomta ligg veldig sentrumsnært med gode soltilhøve.

– Vi ville også laga ein anna struktur enn det som låg i planen. Det blir for einsformig.

– Med den nye løysinga får vi meir sørvendt uteareal og opphaldsareal. Ein nyttar området på ein mykje betre måte.

– Utearealet kan takla 41 nye leilegheiter, men det skal vi ikkje ha.

– Vi vil variera på høgda og laga gjennomgåande leilegheiter, forklarte Mossig då ho presenterte skissene på dei nye husværa.

Spesielt

Eirik Neverdal, som fekk ordet på vegne av naboane, forklarte at dei måndag denne veke blei invitert til møte med tiltakshavar og arkitekane.

– Vi har ikkje vore negative til utbygging av tomta, men har vore kritiske til utnytting og høgder.

– Talet på einingar og høgder var i fokus då planen sist blei handsama. Vi fekk ikkje gjennomslag for det vi ønskte, men det blei som det blei.

– I eit møte vi hadde med tiltakshavar på måndag stadfesta dei at dei allerede då dei starta prosjekteringa la opp til ein større total utnytting og at dei satsa på å få godkjenning for ei endring av planen.

– Den de har fått på bordet no.

– Det reagerar vi på. Det er spesielt at ein så stor og betydeleg tiltakshavar som dette opptrer på ein slik måte.

– Dessuten vil eg minna om innskjerpinga i plan- og bygningslova som kom i 2008 om naboars medvirkning ved utarbeiding av reguleringsplanar.

– Her blei vi orientert to og eit halvt døgn før saka skulle opp i PBU. I ei sak som blei sendt inn til kommunen før jul, kommenterte Neverdal.

6,7 meter høgre

Spesielt reagerar naboane på høgda på husa i den nye planen.

– Dei seier det er ein liten auke, men det er langt frå rett.

– Det er ei auke på 6,7 meter på kotehøgdene, noko som tilsvarar 70% auke på bygningskroppane.

– Vi er ikkje negative og kan forstå at en må gjera endringar.

– Det å flytta bygga og få nokre fleire einingar er greitt, men ikkje å auke høgda slik som dei legg opp til.

– Difor har vi kome med det vi meiner er eit konstruktivt innspel. Ta vekk leilegheitene som går over to plan og held dykk til den opprinnelege høgda, forslo Neverdal.

Ikkje nøgde

Med den førre runden friskt i minne var det tydeleg at politikarane ikkje var særleg nøgde med den nye situasjonen.

– Sist var det ein debatt på antal einingar og trafikkbelastning i krysset, kor Statens Vegvesen hadde ganske klare krav.

– Den løysinga som blei vald kom etter at omfanget blei som det blei den gong. Er den løysinga god nok til å ta 20 leilegheiter til, undra Gustav Bahus (Frp) som fekk til svar frå administrasjonen om at starten på planprosessen ville vera å gå i dialog med vegvesenet.

– Eg tykkjer det er viktig å ha respekt for den prosessen som var sist og tykkjer det er ganske langt over kanten å no berre gå vidare.

– Vi skal ta innover oss det som blei gjort den gangen og det som er sagt her i dag, kommenterte Sigrid Aanestad Bakke.

– Det som irriterar oss veldig er at når vi har laga ein plan, så kjem dei så tidleg med endringar. Ei forutsetning for å få noko til er at ein går både ei, to og tre runder med naboane. Om ikkje, så kjem det ikkje noko gjennom dette bordet så lenge eg sit her, tordna Jonny Garvik (H), som fekk støtte frå Harald Døsen (Ap).

– Om vi går inn for ny plan her, så sender vi eit feil signal til nye utbyggarar, supplerte Døsen.

Tvs, Krf og Ap gikk difor inn for at ein ikkje skulle godkjenna oppstart av planarbeidet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.