Sport | 14. jan. 2017

Øystein skåra 2 på Brann 2

Os spelte ein jamn treningskamp mot serievinnaren frå i fjor.

Øystein skåra 2 på Brann 2
Øystein Takle Eide, her då han var med på å slå Arna-Bjørnar 8-1 i haust, skåra to mål på fjorårets serieleiar i treningskamp i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. jan. 2017 21:13

Laurdag kveld spelte Os treningskamp, vinterens første, i Sotrahallen mot Brann 2.

– Det blei ein jamn kamp med mykje bra å sjå og litt som ikkje var bra. Det viktigaste no var å koma tidleg i gang, og det trur eg gutane kjente òg, seier Hassan El Fakiri.

Kampen enda med tap 3-4.

Øystein Takle Eide (2) og Glenn Krossøy skåra for Os, som første reduserte til 1-2 og seinare til 2-4 og 3-4.

– Øystein imponerte som spydspiss i dag, seier Hassan, og synest samtidig at Krossøy gjorde det bra som venstreving.

Keepertrøbbel

Glenn Krossøy og Steffen Ljosheim var dei einaste som spelte heile kampen, utanom keeper Glenn Hjelle.

– Kasper er skadd i kneet, Andrew trener med Brann og keeperen vi låner av Fana, Thomas Hille, var uheldig og skadde ankelen sin på trening i går. Det var utruleg synd, han må operera i neste veke.

Dermed blei Os 2-keeperen Hjelle ekstra god å ha.

Testa to nye

Preben Skorpen, som òg er ny på Os, sto ein omgang i midtforsvaret med det unge talentet Ole Martin Kolskogen.

– Dei fungerte veldig fint saman.

Også Enrique Crespo Søvik, den siste av dei tre nye som blei signert før jul, fekk vist seg fram.

– Han kjem til å bli bra, han! Enrique har vore ute med skade, og treng nok litt tid på å finna rytmen og å bli kjent med spelestilen vår, men det var godt å sjå han i aksjon i dag, synest El Fakiri.

Neste treningskamp for Os går mot Haugesund 2 om ei veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.