midtsiden

På Garage igjen i morgon

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Os Rock City på Garage blei suksess. Torsdag skal fleire osingar ned igjen, og då er det konkurranse.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Onsdag, oktober 19, 2011 - 23:01

Os invaderte Garage: Sjå bildeserie over.
(Alle foto: Stig Pallesen)

– Det var ei heilt sjuk stemning, dette er noko av det kulaste vi har vore med på som band, seier Bone Shakers-trommis Andreas Lindborg etter at dei og tre andre band frå Os Rock City inntok Garage for halvanna veke sidan.

Kjellaren på Garage tar nærmare 300 gjestar, osingane lokka over 250 på konsert.

Les òg:
Til by'n for å tøffa seg

– Det var mange osingar i salen, det var veldig kjekt. Men det var også mykje nytt publikum for oss. Eg observerte kjente bergensarar som Helge Jordal, Mia Hundvin, Lars Vaular og John Olav Nilsen på Garage denne kvelden, fortel Kjetil Osablod Grønvigh frå Warfart.

Om det var spor etter osingane?

– Tja, det var nok ekstra med glasbrot og eg har høyrt at dei blei utselt for vodka. Men Garage var nøgd og sa dei vil ha oss ned igjen, så det blir Os Rock City Goes Garage i 2012 òg.

Fleire osingar i seminfinale

For tre veker sidan skreiv vi om band frå Os som har gått vidare til semifinalen i den store musikkonkurransen Emergenza.

Torsdag er det tid for ein av semifinalane, og Myrna Braza, Bone Shakers og KingCalling er blant banda som skal på scenen på Garage igejn.

– Det som er ekstra fett er at vi endeleg ikkje skal spela rett etter kvarandre. Vi speler klokka 22 og får tid til å kul'an litt før KingCalling startar 23.30.

– Det blir knall å få ein heil KingCalling-konsert, vanlegvis held vi anten på å gjera oss klar, eller har nettopp gått av, når KC-skal på, seier Lindborg frå Bone Shakers.

Håper på heimepublikum

Bone Shakers tar med seg både rykande fersk EP og nye t-skjorter for sal når dei inntar Garage i morgon.

– Vi skal sitja og visa oss litt fram heile kvelden, ler Andreas.

– Men vi er først og fremst der i håp om å gå vidare.

Myrna Braza skal på scenen klokka 20, om boneshakeren hugsar rett.

– Det er publikum sine stemmer som tel, så vi håper sjølvsagt på godt publikum også frå Os i morgon! seier Andreas.

Dei som går vidare får spela finale på Verftet.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11