Innsio: Brødrene Borgen Ferdigbetong AS

På innsio: Brødrene Borgen

Bli med på innsio hos ei av dei eldre familieverksemdene i bygda.

Av: Ørjan Håland

«På innsio» var ny, fast serie med videoreportasje då vi i første episode besøkte Lyssand Gartneri i oktober 2015. Sidan har det blitt ei rekkje bygg og verksemder vi har vist innsida av, men vi har fleire på lista. Etter oppfordring frå fleire lesarar har vi no tatt opp igjen innsio-reportasjane, no også med nokre verksemder frå kommunen vi frå 2020 er eitt med.

I gjennom seksti år har familieverksemda Brødrene Borgen Ferdigbetong AS blanda betong. No er det andre generasjon som driv verksemda med 19 tilsette, kor av 17 er sjåførar som sørgjer for at betongen, som er ferskvare, kjem raskt ut til kundane.

– Vi er i ei sterk konkurranse med mange andre aktørar, men er optimistiske for framtida, seier dagleg leiar Kristian Borgen når han viser oss rundt på anlegget på Kuventræ.