På kurs i The Big Apple
Det som kjem på mote i New York til våren - kan du allereie få på Os.
Bildeserie:
– Eg har aldri lært så mykje på så kort tid før, ikkje berre om faget mitt, men om motar og fargar, seier Lena Stigen Mathiesen.
Ho og fire andre frisørar frå Os kom torsdag heim etter ei veke på kurs i USA.
– Vi reiser ofte på kurs, med H1-kjeda, som vi er del av. Men i desember fyller salongen 15 år så vi ville gjera noko ekstra ut av det. Eg har vore i London og Paris før, men aldri i New York.
Toppen Frisør stilte med fire frisørar. I tillegg var Linda Borgen, som var med på Toppen i starten, men som no driv for seg sjølv, med på turen og kurset.
Pirka på detaljar
Framme i New York var det frisørproduktmerket TIGI som hadde regien. Over 50 frisørar for Skandinavia deltok, og dei fekk ifølgja Lena læra av dei beste.
– Det gjekk i alt frå fargelære til kva som passa ulike ansikt og augefargar. Vi lærte ikkje berre om hår, alt heng saman innan mote, frå sminke til klede, tilbehør og vesker.
Fargane dei blei kursa i er TIGI sin kolleksjon for våren og sommaren 2015.
To av dagane var kurset frå 9 om morgonen til klokka 18 om kvelden.
– Instruktørane fekk med seg alt, om du hadde bøyde fingrar når dei skulle vera strake, kva vinkel olbogen din hadde og kor mange gradar du vippa hovudet til modellane over på sida.
Kvar sin modell
Kursdeltakarane fekk klippa både dukker og modellar. Den eine dagen gjekk dei gjennom fire frisyrar og fire fargar, valte éin og fekk tildelt modell.
– Så kom instruktørane og vegleia oss gjennom prosessen. Då alle var ferdige var det opp på scenen med modellane og kommentarar til kvar enkelt av alle kursdeltakarane.
– Det blei ei veldig lærerik, intens og inspirerande veke, men vi hadde også fridagar der vi fekk sett litt av den fantastiske byen, også frå lufta.
– Kor viktig er det med kurs og ny inspirasjon? Tør kundane i Os å prøva det siste nye?
– Ja. Mange spør oss om råd og kundane er ofte veldig nysgjerrige på kva som er det siste nye. Når dei veit vi nyleg har vore på kurs er det faktisk mange som spør om kva har har lært og som vil prøva nye fargar eller nye frisyrar, seier Lena.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.