Lokal | 10. sep. 2015

På tide med eit maktskifte i Os!

Lesarinnlegg: Det har vore alt for få lesarinnlegg frå vanlege osingar, skriv Kåre Askvik som delar sine tankar om det kommande valet.

På tide med eit maktskifte i Os!
Kommunen skal styra utviklinga ikkje utbyggjarane, skriv Kåre Askvik (ill.foto: AH)
Andris Hamretorsdag 10. sep. 2015 09:04

Lokale media har den seinare tida vore fulle av lesarinnlegg om valet, men altfor få frå vanlege osingar. Folk som har budd her heile eller det meste av sitt liv og som bør ha meiningar om korleis Os er og bør vera i overskueleg framtid. Eg reknar meg som ein av desse.

Frp/H har hatt fleirtal saman i mange år i Os no, og eg er av dei som meiner det no er på tide med eit maktskifte. Dei byrjar verta vel varme i stolen og frå sidelinja ser eg litt maktarroganse. «Me er flest – altså har me rett» synes å vera haldninga . Evna til å høyra andre sine synspunkt og meiningar og ta kritikk, synes ikkje vera stor. Det er ein grunn til at me er utstyrte med ein munn og to øyrer.

Når det skal oppnevnas personar til styre og utvalg til dømes er det eit knippe namn som synes å gå igjen kvar gong. Det må då finnas fleire kompetente personar i denne store kommunen!?

Mitt ønskje om maktskifte i Os bunnar også i andre forhold, eg vil her nemna nokre:

Frp/H sin innsats for midtre trase for E39 med bru over Bjørnefjorden til Os er eg sterkt usamd i. Det er ikkje bra for Os(s) og enda mindre bra for regionen innafor. Her er det nok å visa til innlegg frå Nils Georg Brekke i Os & Fusaposten laurdag 5.september. E39 bør absolutt ikkje gå gjennom Os. Argumenta som har vore framførd frå Frp/H har eg ingen sans for.

Os er under press for utbygging og tilflytting, eit press som vil auka sterkt framover. Akkurat det er vel dei fleste samde i. Då bør Os ha eit politisk fleirtal som har litt is i magen og beina godt planta på bakken, som tek styringa og som tek seg tid til å laga gode planar for infrastruktur og utbyggjing av kommunale oppgåver/tjenester før utbyggjarane slepp til. Og planane må følgjast.

Kommunen skal styra utviklinga, ikkje ivrige utbyggjarar. Og det kan då ikkje vera eit mål at Os skal verta størst mogleg på kortast mogleg tid!?

Saka om Bjånes-utbyggjinga og Frp/H si totale kuvendig i høve rekkefølgje og trafikksikringstiltak før utbyggjing startar, er i mine auge eit grelt døme på korleis det ikkje skal vera. Eg forstår ikke kvifor det hastar så voldsomt med å dundra igjennom denne utbyggjinga. Traffikkauken denne utbyggjinga fører med seg er i seg sjølv eit tankekors, det vil vera direkte galskap å leia denne via Osøyro.

Eit anna døme i denne samanhengen er hasteutbyggjinga av Kuventræ skule. Det vitnar ikkje om god nok planleggjing.

Os kommune har svært høg gjeld. Dette er etter mi meining urovekkjande av omsyn til naudsynte investeringar som vil måtta koma framover i takt med folketilveksten, men og i høve til at renta på eit eller anna tidspunkt vil auka. Økonomiforvaltninga i Os er eg lite imponert over. Det undrar meg at det har vore så lite fokus på dette i valkampen.

Eg trur ikkje Frp/H , i alle fall ikkje åleine, er dei rette til å styra Os i riktig lei i tida framover.

Mine synspunkt har ikkje i seg personleg kritikk mot sentrale kommunepolitikarar.

Det er politikken og prioriteringane eg er usamd i og ønskjer ei endring på.

Så eg vonar fleire osingar tenkjer som meg, mange nok til at valet gjev oss eit endra og/eller breiare fleirtal i Os kommunestyre. Det vil vera bra for vidare utvikling av kommunen me bur i.

Kåre Askvik
ein vanleg osing

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.