Eline Lundervold og Camilla Koldal bruker eigne born, Christian og Aria, som ekstra last på enkelte øvingar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

På trening med nybakt mamma

Her kan du amma, skifta bleie eller bruka babyen din som «vektstang».

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Det er eit fint tilbod for oss som har små. Det er god trening samtidig som vi ikkje er avhengige av barnevakt eller at ungane søv, seier Camilla Koldal.

Tysdag formiddag har ho dottera Aria med seg på trening.

– Det er godt å koma i gang med treninga igjen etter fødselen, dessutan har ungane det kjekt òg, seier Eline Lundervold, på trening med sonen Christian.

Lågterskel med låg musikk

Charlotte Pucci Olsen er instruktør for mammatreninga, som er kvar tysdag formiddag i Kolskogen.

– Dei yngste babyane er berre nokre få veker gamle. Øvingane er tilpassa kvinner som nyleg har fødd, med varsame øvingar for bekkenet og styrking av kjernemuskulatur.

Mens mødrene trener ligg nokre og søv, andre ligg og leikar eller klatrar litt på mor. På enkelte øvingar passar det bra å ha babyen i armane, sjølv om øvinga blir litt tyngre. Innimellom er det éin som vil ha trøyst mens ein annan treng ny bleie eller ein slurk med mjølk.

– Her er alt lagt til rette for at mødre skal kunna ta ungane med på trening. Musikken er låg og alle er i same situasjon.

Del av 24Fitclub

24Fitmoms er ein del av 24Fitclub Os, som har hatt lokale i Kolskogen sidan våren 2014.

– Vi har fire økter i veka her i Kolskogen, vanlegvis med rundt 20 deltakarar. I tillegg har vi økter utandørs, både på Kuventræ og med felles motbakketrening, fortel Eivind Hodneland.

24Fitclub er gratis trening kombinert med kosthaldsvegleiing. Det heile blir drive av sjølvstendige Herbalife-distributørar, men det er ingen kjøpsplikt av ernæringstilskot i samband med treninga.

– 24Fitmoms blei starta av Solrun Laastad. Då ho no byrja i jobb igjen er vi glade for at det passa for Charlotte å overta. Dette er eit tilbod som er populært for dei som er heime med små, som når ungane byrjar i barnehage går over til andre treningsgrupper, seier Hodneland.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Stå saman med folket i Palestina!

26. april 2017

Lesarinnlegg, markering i Os 1. mai: I år vert det markert 50 år med okkupasjon av Palestina og 10 år med blokade av Gaza.

bilde-midtsiden

«Dobbelt» vårslepp i Os sentrum

26. april 2017

Då sentrumssjefen måtte på klinikken fekk vi styreleiar i sentrumsforeininga til å fortelja korleis laurdagens Vårslepp skal bli.

bilde-midtsiden

SjekkUT Os-fjella

26. april 2017

Os Turlag lanserer fredag, saman med DNT over heile landet, ein ny gratis app som gjer det enklare å finna turmål i Os.

bilde-midtsiden

Tre frå Os blei meister i feltskyting

25. april 2017

Sofia Dale, Sofie Evensen og Reidar Dahle vann kvar sin klasse i Hordastevnet. I tillegg plukka Os Skyttarlag med seg to sølv og ein bronse.

bilde-midtsiden

Pallplass med bismak

25. april 2017

Bilcross: Kristian B. Gjøen var i helga på pallen for første gong. Så blei han tvungen til å selja bilen som morfar har bygd til han.

bilde-midtsiden

Tommy kom til Os for å takka

25. april 2017

Den tidlegare toppskåraren på Lyn, Tommy Nilsen, kom personleg til Kuventræ for å takka Os og Jada for innsamlinga til «babyen» hans, Karanba i...

bilde-midtsiden

Fekk termokikkert i gåve

25. april 2017

Med det nye termokikkerten vil mannskap frå Røde Kors kunna sjå personar i terrenget på 1000 meters avstand, sjølv om det er bekmørkt.