Kultur | 01. apr. 2011

På tur i Os

Revygruppa Nor og ne er klar med ny revy, og tre kveldar med fest i Symrasalen.

På tur i Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. apr. 2011 05:32

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 7
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

I fjor var det fullsett symrasal med Viss grisar kunne fly, i år kjem revygruppa Nor og ne med Le Tour de Os, ein tur i Os der dei som vanleg famnar breitt.

- Vi tar for oss heile Os, men er også utanfor både kommune- og landegrensene, internasjonale kjendisar kjem til Os desse kveldane, lover Thomas Helgesen.

- Men vi er litt på gateplan her ute på Nore Neset òg, Brynjar-en er med, legg han til.

Dans kvar kveld

Fredag kveld er det generalprøve, laurdag 2. april er det premiere.

- Sidan Andreas er mykje vekke for tida så rekk vi berre tre framsyningar. Derfor fleskar vi til med pubkveld og levande musikk etter alle dei tre framsyningane, fortel Susan Askvik.

Laurdag er det Vegard Skorpen Band som går på scenen etter at dei verste latterkulene har lagt seg, neste helg tar Geir-Magne Johnsen og Face2Face ansvaret for den musikalske delen av underhaldinga.

Ekstra mannskap

Dei sju i revygruppa, Bjørn Aspevik, Susan Askvik, Sissel Kallekleiv, Anna S. Linden, Tobias Moberg, Andreas Døsen og Thomas Helgesen, har fått med seg ekstra mannskap i år.

- Vi har tørka støvet av Linda Nytræ, som har lagt brakk sidan Elvablest´n. Ho er kjekk å ha med, synes Helgesen.

- Og så har vi vore heldige og fått med oss Tord Søfteland og Steinar Lyssand som musikararar, og dobla koret frå fire til åtte medlemmar.

Revygruppa har i år endå fleire tekstforfattarar, dei fleste har ifølgje Helgesen kasta seg på skrivinga.

- Og så har vi brukt lengre tid og fått profesjonell assistanse.

Skodespelar Ingeborg Stigen frå Vestlandske teaterlag har vore på Nore Neset og instruert. Laurdag kan vi sjå kva Nor og ne-gjengen har lært.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.