Sport | 17. juni 2015

På veg til Baku

The European Games er i gang og onsdag reiser symjetalentet Ariel Braathen (16) til Aserbajdsjan – til sitt største delmål på veg mot OL i Rio 2016.

På veg til Baku
I kveld reiser Ariel Braathen til Baku i Aserbajdsjan for å delta i det første European Games nokosinne. (Google Maps)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. juni 2015 09:23

I kveld reiser Ariel Braathen frå Os, saman med sju andre norske deltakarar, til det første European Games, arrangementet den Europeiske Olympiske Komité la grunnlaget for i 2012.

Fredag 12. juni opna leikane, som samlar utøvarar frå heile Europa, i over 20 ulike idrettar.

– Eg gler meg veldig til både opplevinga og å konkurrera mot dei beste symjarane i Europa, seier Ariel, som nyleg kom heim etter to veker med treningsleir i Spania og symjestemne i Barcelona.

– Det var OK tid eg svømte på i Barcelona, men sidan vi var i hardtrening blei det ikkje rundt pers. I så fall ville noko vore gale, vi slapp ikkje opp treningsmengda før no nyleg.

Ariel har toppa formen inn mot Baku, og mot NM langbane i Ado Arena rett etter at ho kjem heim.

Best sjanse på 100 meter

Dei første dagane i den aserbajdsjanske hovudstaden kjem til å gå med til å gjera seg kjent i millionbyen som tidleg på 1900-talet sto for rundt halvparten av verdas oljeproduksjon.

Men det blir også trening og sportsleg og mental førebuing. Ariel skal symja 50, 100 og 200 meter bryst i Baku. Distansane går i neste veke, 23., 24. og 26. juni.

– Det er kanskje på 100 meter eg har størst sjanse. Blir det full klaff kan eg ta meg til semifinale.

Ariel sette ny personleg rekord i Bergen Swim Festival siste helga i mai. Då svømte ho 100-meteren på 1.11,09, ikkje langt unna den norske juniorrekorden på 1.10,78.

– Det er mange sterke konkurrentar, nokre av dei kjenner eg frå før, blant anna ho tyrkiske som vann BSF i mai, ei dansk som trente med oss i Spania og ei frå Estland som eg møtte i nordisk meisterskap i fjor.

Delmål etter delmål

European Games blir det største Ariel har opplevd som svømmar til no, og det viktigaste delmålet ho har sett seg på veg mot hovudmålet, å kvalifisera seg til OL i Ro de Janeiro i 2016.

– Ariel har laga seg mange delmål, og tatt eitt etter eitt, inkludert det å kvalifisera seg til Baku, seier pappa Bjørn Arne Braathen.

12 av idrettane i Baku tilbyr kvalifiseringssjanse til OL.

– Det er førebels tidleg for Ariel å gå for kvalifiseringskravet no. Det er ikkje umogleg, men i så fall eit godt stykke framfor skjema.

– Ho har framleis god tid til både å trena og veksa fram til OL, den fysiske utviklinga ho i hennar alder er inne i no er til god hjelp.

Erstattar junior-EM

The European Games er som eit europeisk OL, og for svømmarane erstattar dette årets junior-EM (utøvarar frå 15 til 18 år).

Noreg har i alt 53 deltakarar i ulike idrettar.

Her er den norske svømmetroppen:
Eivind Bjelland (Haugesund Svømmeklubb)
Sigurd Holten Bøen (Aalesund SLK)
Ariel Braathen (Bergens Svømme Club)
Ole-Mikal Fløgstad (SSK Skjetten Svømming)
Erik Årsland Gidskehaug (Madla svømmeklubb)
Marte Løvberg (Lambertseter Svømmeklubb)
Marius Solaat Rødland (Bergens Svømme Club)
Mads Henry Steinland (Bærumsvømmerne)

Trenarar: Petter Løvberg og Kay-Arild Paulsen

Ariel reiser med troppen, men foreldra kjem til Baku til helga for å sjå Ariel svømme i veka som kjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.