Lokal | 21. nov. 2017

Pensjonistar hjelper barn som les

Tester prosjekt med lyttevenner på Søre Øyane barneskule.

Pensjonistar hjelper barn som les
Elevane i andre, tredje og fjerdeklasse på Søre Øyane barneskule har fått lyttevennar (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 21. nov. 2017 12:12

Ein lyttevenn er ein frivillig vaksen som lyttar til barn som les, og hjelper barnet å forstå nye ord og samanhengen i teksten. Lesinga og lyttinga føregår på skulen i skuletida, ein til to timar i veka.

Søre Øyane barneskule er første skule ut med lyttevenner i Os. Dei siste to vekene har sju pensjonistar lytta til 60 andre- tredje - og fjerdeklassingar lese. Erfaringane så langt er berre positive.

Byggjer bru mellom generasjonar

Lyttevenn-prosjektet starta i Vest-Agder i 2010. Formålet er å bygge bru mellom generasjonar, og stimulere og motivere til lesing hos barn i alderen sju til ni år. Lyttevenner skal ikkje lære barna å lese. Dei skal vere gode lyttarar, vere positive og oppmuntrande, og hjelpe barnet å forstå samanhengar og meining i tekst dersom det står fast.

Å snakke om det ein har lese, styrkar forståinga. Difor er det fint om lyttevennen og barnet snakkar saman om kva som står i teksten, kva ord betyr og kva teksten handlar om.

- Å ha ein lyttevenn gir barn verdifull lesetrening. Å vere lyttevenn gir eldre moglegheit til å dele av kunnskap, tålmod og interesse, seier rektor ved Søre Øyane barneskule, Gunnhild Hansen i ei pressemelding.

Herlege samtaler

Ho høyrde om Lyttevenn-prosjektet gjennom fagsjef for skule og barnehage i Os kommune, Per Olav Sørås, og blei fast bestemt på å få det til på sin skule.

- Elevane gler seg og førebur seg ekstra godt. Lyttinga og lesinga opnar for herlege samtaler om stort og smått, og vennskap på tvers av generasjonar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.