Lokal | 07. mars 2015

Pissa, køyrde og blei tatt

Mann på bytur møtte politiet to gongar. Begge endar truleg med straff.

Pissa, køyrde og blei tatt
Patrulja tok same mann to gonger i løpet av natta (ill.foto: AH)
Andris Hamrelørdag 07. mars 2015 08:58

Først blei mannen i slutten av 20-åra oppdaga i tre-tida medan han sto og urinerte oppetter ein vegg ved ein utestad i Os sentrum.

– Det blei han meldt for.

– Berre ein halvtime seinare stoppa patrulja ein bil i sentrum.

– Det viste seg å vera same karen som satt bak rattet, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.

Tatt frå førarkortet

Patrulja hadde, med god grunn skulle ein tru, mistanke om at karen køyrde bilen i rusa tilstand.

– Han blei tatt med for blodprøvetaking og blei tatt frå førarkortet på staden.

Viser blodprøvene det politiet mistenker vil han bli meldt for promillekøyring.

Politiet har for øvrig kontrollert ein god del køyretøy i løpet av natta utan at det var grunn til å reagera mot verken bilane sin tilstand eller førarane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.