Lokal | 24. feb. 2014

Planlegg gangbru

Livet langs linjo: Vil skapa tryggare skuleveg med gangbru, rundkøyring og tydelegare stoppsone.

Planlegg gangbru
I områdereguleringa for Kvernelva - Stegen er det teikna inn gangbru over Byvegen frå gangfeltet i Giskavollen til Holtbrekka (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 24. feb. 2014 11:36

Ingrid Netland (Sp) vil ha gangbru over Byvegen inn i rekkjefølgjekrav for "Livet langs linjo". Det fekk ho ikkje i første omgang.

– Eg kan gå for planen, men vil ha rekkjefølgjekrav på parkering, gangbrua og området rundt skulen, slik at elevane er sikra trygg tilkomst i anleggsperioden.

– Det å la dei gå ned Holtbrekka langs Best-stasjonen er ikkje ei tilfredsstillande løysing, argumenterte Netland.

Kan bli for høg kostnad for tidleg

Gustav Bahus (Frp) var frista til å støtta forslaget frå Netland, men samstundes skeptisk, då han fryktar at krav om rekkjefølgjebestemmelse kan påføra utbyggjarane for store kostnadar før ein kjem i gang med sjølve prosjektet.

– Det som blir interessant er delinga av kostandane mellom det offentlege og private utbyggjarar, meinte Bahus.

– Høgre og Frp går for administrasjonen sitt framlegg slik det ligg. Eg er redd for nye rekkjefølgjekrav utan at det er utgreidd. Inntil vidare støttar vi difor administrasjonen, supplerte Ståle Skaatun (H).

Olav Søfteland (Ap) var heller ikkje uvillig til å sjå på rekkjefølgjekrava.

– Det høyrest ut som eit fornuftig forslag, men eg trur vi får koma tilbake til det i samband med 2. gongshandsaminga, sa Søfteland, som likevel stemte saman med Netland og Harald Døsen (Ap) om å leggje det inn allereie no.

Ny parkering og stoppsone

Leiar av prosjektavdelinga i Os kommune, Tor Inge Døsen, orienterte utvalet om kva som ligg i reguleringsplanen som no skal ut på høyring.

– Rundkøyringa og gangbrua over Byvegen vil vera med på å skapa ein tryggare skuleveg.

– I tillegg ser ein for seg å laga parkering i to høgder der dagens parkering nedanfor gymsalen ligg.

– Høgre del av toppdekket vil bli satt av som avleveringspunkt for dei som skyssar elevane til barneskulen.

– Rundkøyringa vil i tillegg til å knytta Giskavollen til Byvegen vera nytt tilkomstpunkt til Os Næringspark og den vestre delen av planen slik at nedre del av Holtbrekka blir stengd, forklarte Døsen.

Etterlyste fortau

Tidlegare vegsjef Olav Søfteland (Ap) har lang erfaring med vegprosjekt og peika på tidsaspektet.

– Det er bra at Holtbrekka berre blir gangveg, men det går vel ei stund før rundkøyringa blir etablert.

– I dag er det ganske problematisk forbi Best-stasjonen, eg trudde det skulle komma eit fortau ned Holtbrekka, undra Søfteland.

– Nei, det er ikkje nokre konkrete planar så vidt eg veit, svara Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.