Lokal | 25. apr. 2015

Politikk i tunet

Det blei ein mjuk start på årets valkamp då representantar frå dei ulike partia blei invitert til panelsamtale i Kyrkjetunet.

Politikk i tunet
Det var god stemning under panelsamtalen i kyrkjetunet. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandlørdag 25. apr. 2015 07:05

Dei siste fire åra har Torsdag i tunet vore arrangert i kyrkjelydshuset, der dei inviterer til kaffi, noko å bita i, og der dei tar opp ulike tema. Denne torsdagen var litt annleis, då kyrkjelyden inviterte politikarane til å samtale om kyrkja si rolle i kommunen.

– Vi har bevisst kalla det ein panelsamtale og ikkje paneldebatt, i den tru at vi då skal lytta framfor å krangla.

– Her skal ingen stillast til veggs. Det er ikkje naudsynt å vera tannlaus, men det er ikkje lov å bita, sa Øystein Hetlevik frå Os kyrkjelyd i si innleiing.

Og det blei lite biting blant paneldeltakarane, som besto av Terje Søviknes (Frp), Marie Bruarøy (H), Jon Sivert Rykkel (V), Jakob Enerhaug (Krf), Siren Tømmerbakk (Sp), Terje Sperrevik (Tvs), Gunnar Kvåle (MpG) og Sandra Austgulen (Ap).

Representantane frå kyrkja var nestleiar i soknerådet Osvald Hindenes og sokneprest Margrethe Holmboe Askeland. Ordstyrar var Anne Marie Aarøen Vangsnes.

– Ikkje ein baktanke, men ein tanke bak

Hetlevik og resten av kyrkjelyden var nysgjerrig på kva politikarane tenkte angåande kyrkja sin plass i lokalsamfunnet i desse valtider.

– Vi har ikkje hatt ein baktanke med denne invitasjonen, men vi har hatt ein tanke bak, og det er ein stor forskjell, fortalde Hetlevik, til humring frå salen.

Det var eit samstemt panel som alle syntest kyrkja speler ei stor og viktig rolle for osingane, både som kulturbærarar og som trusamfunn.

– Kyrkja har viktige verdiar frå vi kjem til denne verda til vi forlet ho, sa Terje Sperrevik.

– Keep up the good work, men det er og viktig å modernisera oss, som for eksempel å nytta seg av sosiale medier, kom det frå varaordføraren, som sit som kommunen sin representant i Soknerådet, og nok er blant politikarane som har tettast kontakt med dagens situasjon i kyrkja sitt arbeid.

Soknepresten trekte fram to område ho synest kommunen og kyrkja samarbeida godt om, kyrkje-skule-arbeidet og arbeidet med personar som er avhengig av omsorg frå kommunen.

Ikkje med i samfunnsplanen

Blant temaene som blei tatt opp denne kvelden var kyrkja sin plass i kommunale planar som samfunsdelen av kommuneplanen.

– Er det ein grunn til at kyrkja ikkje er nemd i samfunnsplanane til kommunen? spurde Vangsnes.

Ordføraren kunne ikkje svara på om det var ein glipp eller ei, og Sperrevik meinte at kanskje kunnskapen var for dårleg blant politikarane.

– Eg sender utfordringa tilbake til kyrkja, eg forventer ei offentleg kyrkje som utfordrar oss politikarar, sa KrF sin representant Enerhaug, noko dei fleste i panelet sa seg einig i.

Ver meir frampå

Spørsmålet om å auka frå ei halv til ei heil diakonstilling virka ikkje politikarane framand for å diskutera. Og igjen kom oppfordringa frå politikarane om at kyrkja må vera meir frampå.

– Har de behovet så seier eg ja, kommenterte Austgulen.

Diakoni er omsorgstenesta til kyrkja og innbefattar omsorg for utsette grupper, vern om skaparverket og hjelp i kriser.

– Vi har ei halv diakonstilling no og er litt "short" på ressursar, fortalde soknepresten.

Kan kommunen bidra?

Spørsmålet kyrkja kanskje var mest spent på denne kvelden kom til slutt, då det var økonomien som skulle diskuterast.

I følge KOSTRA-tala så ligg ikkje Os høgt i kyrkjebudsjettet samanlikna med dei andre kommunane i gruppe 7.

– Det er ikkje lett å samanlikna kommunar sjølv om dei er i same gruppe. Ta Fjell som eit eksempel, vi har to kyrkjer mens dei har tre, og då blir utgiftene ulike, sa Bruarøy.

Ei stor økonomisk utfordring kyrkjelyden no står ovanfor er den planlagde utvidinga av kyrkjelydshuset der det skal kome ein ny sal. Kyrkjelyden har lenge drive med innsamling og Hindenes kunne fortelja at dei har klart å samla inn 3,5 millionar kroner.

– Dette har vore draumen i mange år og til det treng vi 13 millionar kroner. Kanskje kommunen kunne bidra?

– Det er naturleg for kommunen å gje kommunal garanti for slike bygg, men ein må nok koma tilbake til å diskutera bidrag.

– Eg heier på jobben kyrkjerådet gjer, så jobb vidare og når det kjem til deadline så ta kontakt, svara ordføraren.

Set pris på utfordringane

Heltevik var nøgd med kveldens samtale og trur både politikarane og kyrkja har lært noko denne kvelden.

– Dei viste tydeleg at dei hadde lest seg opp før dei kom og det set eg stor pris på.

- Vi set og pris på utfordringane vi har fått, no må vi berre bli betre på å halda kontakten med kommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.