
Populær haustaktivitet
– Det har eigentleg gått over all forventning, seier Ole Carsten Søiland.
1. september la Os Filmsenter ned, men velvilje frå huseigar Irisgården AS og dugnadsånd i bowlingklubben redda vidare drift av bowlingbanane.
Lokalet filmsenteret leigde står framleis tomt, men etter det Midtsiden kjenner til er huseigar i dialog med minst éin interessent.
På dagtid i ferien
I mellomtida er det bra med aktivitet i lokalet innanfor.
– No i haustferien har vi også ope på dagtid, frå 12 om dagen, og måndag var det folk frå første time og meir eller mindre fullt fram til 22 om kvelden, seier Søiland.
8 lag påmeldt i liga
Onsdag kveld starta dessutan bedriftsligaen, som skal halda fram til april.
– Der har vi 8 lag som er stadfesta, og eit par som ikkje heilt hadde bestemt seg, sa Ole Carsten tysdag formiddag.
– Er det fleire som vil vera med så er det i utgangspunktet for seint, men vi kan kanskje klara å putta dei inn i ligaen.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no
