Kultur | 19. aug. 2014

Positive salstal

I desse dager kjem Oseana sitt haustprogram i postkassene, men allereie ser dei bra salstal på fleire av arrangementa.

Positive salstal
Haustprogrammet for Oseana, som direktør Ole Tobias Lindeberg her presenterar kjem i desse dager ut i postkassene (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 19. aug. 2014 13:20

I midten av juni la Oseana ut billettane til haustens framsyningar ut for sal. Etter det har det vore sommarferie og Osfest, som kanskje har trekt fokus vekk frå arrangementa, men likevel opplever kulturhuset eit bra sal på fleire av showa.

Midtsiden gjorde ein sjekk på billettservice midt på dagen tysdag. Bård Tufte Johansen har seldt nær 200, Maria Mena har passert 110, Jonas Fjeld er på rundt 100 og den første større framsyninga «Dar kjem dampen» hadde då vi sjekka seldt 163 billettar.

– No har ikkje eg sjekka tala sjølv, men ut frå det du fortel så skal vi vera rimeleg nøgd.

– Sjølve programheftet blir sendt ut til 20 000 husstander i Os og dei omkringliggande kommunane i desse dagar.

– Dette lovar godt for salet utover hausten, seier Ole Tobias Lindeberg, direktør for Oseana Kunst- og kultursenter.

Godt besøk i sommar

Lindeberg fortel om godt besøk på huset gjennom sommaren.

– Det har vore mykje folk her i sommar som har fått med seg dei tilboda huset har å by på.

– Berre no sist sundag var mange innom, då det praktisk talt var utseldt då «Figaros bryllup» blei framført i Griegsamlingen.

– Det var ein flott avslutning på kammerkonsertane i sommar, avsluttar Lindeberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.