Lokal | 07. juli 2016

– Positivt at det blir ein debatt

– Etisk gråsone, meiner Gisle Hesjedal (Ap). – Eg reknar med at det er greit, seier gåvegjevar Susanne Sperrevik (H).

– Positivt at det blir ein debatt
Birthe Eriksen, her då ho hadde seminar i Os i april, har gjeve råd til Os Høyre i gåvesaka til Sperrevik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. juli 2016 12:08

«Kan røyster kjøpast?» spør Gisle Hesjedal (Ap) i eit lesarinnlegg om Susanne Sperrevik (H), som gir vekk politikar-honoraret sitt, og meir til.

– Eg kan lova deg at eg ikkje hadde nokon baktanke med gåva, svarer Susanne Sperrevik.

– Då honoraret kom tenkte eg at eg ville gje det vekk, eg ser på mitt politiske engasjement som hobby, som frivillig arbeid. At det blei litt fleire kroner i denne omgang var fordi det var vanskeleg å velja mellom dei gode søkjarane.

– Men er det ikkje fare for at denne typer gåver kan ha ein effekt som tilsvarar det å kjøpa seg stemmer?

– Det er mange måtar å få stort nettverk og mange venar på. Eitt eksempel er frivillig arbeid, slik Gisle Hesjedal fortel at han har utført hundrevis av timar med gratisarbeid.

– Tid kan tilsvara pengar. Eg har ikkje tid til å trena eit handballag, men i denne omgang hadde eg høve å gje vekk litt pengar. Skal eldsjeler som Gisle Hesjedal, Tore Kleppe og Eirik André Hesthamar slutta å engasjera seg fordi dei kan bli betre likt, noko som igjen kan gi fleire røyster? spør Sperrevik, som legg til at, om det viser seg å vera ugreit å gje vekk pengegåver, så vil ho ikkje halda fram med det.

– Er rekneskapen til Hesjedal rett, at du kan koma til å gje vekk 160.000 kroner i løpet av denne kommunestyreperioden?

– Nei. At vi la litt ekstra pengar i potten denne gong, og gav til fire ulike, treng ikkje bety at vi gjer det neste gong. Poenget var at eg ville gje vekk politikar-honoraret mitt.

– Ville at det skulle vera ope

Hesjedal stussar òg over at Sperrevik valte å ta imot søknadar om støtte utelukkande i kommentarfeltet på Facebook.

– Det var tre årsaker til dette, eg ville ha tips, eg ville at forslaga skulle koma inn opne for alle og eg ville unngå å bli «bombardert» av telefonar, tekstmeldingar og epostar.

Birthe Eriksen ønskjer ikkje å kommentera

Birthe Eriksen, advokat, politikar og profilert forfattar og foredragshaldar innen korrpusjon og varsling, hadde i april seminar i Os i regi av Os Høyre.

Eriksen seier ho ikkje kan kommentera denne konkrete saka.

– Eg har lest omtalen og lesarinnlegget og eg har gjeve råd til Os Høyre i saka, derfor ser eg meg som inhabil.

– Men eg kan seia at det er positivt at det kjem ein open debatt om dette, ein debatt eg håper det kjem noko positivt ut av.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.