Lokal | 30. okt. 2014

Post-tjuv tatt igjen!

Måndag slapp ho unna varetekt, tysdag fann politiet meir tjuvgods hos kvinna som er mistenkt for omfattande tjuveri av post og misbruk av andre sin identitet.

Post-tjuv tatt igjen!
Nordmarka er eit av områda der posttjuvane har herja. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. okt. 2014 08:37

Fredag tok politiet ei kvinne, måndag pågreip dei ein mann, begge er i 20-åra og mistenkt for tjuveri av post og misbruk av andre sin identitet.

Men politiet var neppe nøgd då retten måndag ikkje ville varetektsfengsla kvinna, og mannen slapp unna varetekt med meldeplikt som alternativ.

– Det kan vera fare for både øydelegging av bevis og gjentaking, meiner politoverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Gjentaking fann dei spor etter på ransaking i går.

Har bestilt varer med andre sine Visa-kort

Kvinna var ikkje på adressa då politiet kom på ransaking i går, men politiet er i skrivande stund ute for å pågripa ho.

På adressa fann dei, i tillegg til til mindre mengder narkotika, fleire varer det blei tatt beslag i.

– Vi meiner dette er varer som er bestilt med andre sin identitet og betalt med andre sine kort.

– Vi har også funne spor etter ny aktivitet etter helga og spor etter samarbeid med tilsvarande lovbrytarar i Fana.

Etterforskarar i Os samkjører no eigne resultat med politiet i Fana.

Fekk lån på 400.000 kroner - med falsk ID

Hadler-Olsen håper folk i Os blir flinkare å låsa postkassen sin.

– Dette med tjuveri av post ser ut til å breia om seg, og det er ikkje sikkert at vi er trygg sjølv om to er tatt.

– Vi får dagleg meldingar frå innbyggarar som ikkje har fått post på ei stund. Eg vil rett og slett kalla det naivt å lata postkassen stå ulåst når du ser kva verdi din identitet kan ha for feile personar.

Seinast for eit par veker sidan fekk politiet avverga utbetaling av eit forbrukslån til feil person.

– Her hadde dei tatt identiteten til andre, men sitt eige kontonummer, og fått innvilga eit lån på heile 400.000 kroner. Og dette er syndarar med heilt begrensa IT-kunnskap, fortel Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.