Næringsliv | 25. juli 2016

– Prisane går mykje opp og ned denne sommaren

I dag blei det periodar med kø for å fylla drivstoff i Os.

– Prisane går mykje opp og ned denne sommaren
– Prisane har variert mykje denne sommaren, no er vi nesten tre kroner under normalen, seier Sonja hos Best.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. juli 2016 11:05

Bildeserie:

Hos Uno X var det kø i formiddag, men grei trafikavvikling rundt kl 12.30. (Foto: KVB)
Hos Uno X var det kø i formiddag, men grei trafikavvikling rundt kl 12.30. (Foto: KVB)
1 av 1
Hos Uno X var det kø i formiddag, men grei trafikavvikling rundt kl 12.30. (Foto: KVB)

Prisen på diesel og 95 blyfri er i skrivande stund nede i 10,83 kroner og 12,52 kroner ved bensinstasjonane i Os sentrum.

Hos Uno X ved Industrivegen kostar drivstoffet 10,79 og 12,45 kroner per liter.

– Store variasjonar denne sommaren

– No blei det køøø! skriv ein Midtsiden-lesar i ei melding til redaksjonen måndag formiddag.

Då Midtsiden tok ein runde for å sjekka forholda var det grei trafikkavvikling ved alle dei sentrumsnære stasjonane.

– Det har vore ein del opp og ned med prisane denne sommaren, seier Sonja Tveit hos Best-stasjonen.

– Dagens pris er låg, nesten tre kroner ned frå normalen. Eg har ikkje statistikk framfor meg, men eg trur dette er noko med det lågaste den har vore i sommar, bortsett frå for eit par veker sidan, då dieselen var nesten nede på ti blank.

Prisane kan auka igjen allereie i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.