Priskrig på drivstoff tysdag formiddag
Då prisane ikkje blei justerte måndag 2. juledag landa dei 3,60 kroner under vanleg pris.
Bensinstasjonane i og nær Os sentrum følgjer nøye med på prisane til kvarandre.
Gjennom helga blei prisane på både bensin og diesel pressa ned, og då måndag var andre juledag blei det ingen korrigering opp frå sentralt hald.
Måndag morgon var prisen hos Best 12,49 på bensin og 11,49 på diesel.
Tysdag morgon var prisane nede i 12,29 og 11,12, seinare var bensinen nede i 12,09.
– Mens marknaden styrer prisreduksjonen er det frå sentralt hald prisane blir løfta igjen, fortel Sonja Tveit hos Best.
I 13.30-tida i dag gjekk bensinen opp til 15,87 kroner literen, diesel ligg no på 14,62 kroner.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.