Lokal | 20. des. 2014

Prosessen for Ferjefri E39 Hordfast

Lesarinnlegg, Terje Søviknes (Frp): Det Glenn Erik Haugland (V) kom med siste veke er sjølvsagt ikkje korrekt.

Prosessen for Ferjefri E39 Hordfast
Faksimile frå BT: Hordaland Venstre vedtok på sitt fylkesårsmøte 10.02.13 å gå inn for midtre trase for E39 med bru over Bjørnafjorden. Innfelt; Terje Søviknes (Frp).
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. des. 2014 08:25

Glenn Erik Haugland (V) kom sist veke med eit nytt kraftig personangrep på fleire lokalpolitikarar i Os. Han påstår mellom anna at eg ”aktivt forsøker å forvirre innbyggerne” og ”bevisst desinformerer” i saka om ferjefri E39.

Dette er sjølvsagt ikkje korrekt, og eg vil nedanfor utdjupa dette nærare.

Realitetane i saka er;

• To påfølgjande regjeringar har gått inn for prosjektet Ferjefri E39 Kyststamvegen. AP/SP/SV-regjeringa starta utgreiingsarbeidet i sist stortingsvalperiode, og den noverande FrP/H-regjeringa har følgt opp i denne perioden. Stortinget har i Nasjonal Transportplan 2014-23 prioritert Ferjefri E39 i et 20-årsperspektiv. Det er såleis tverrpolitisk støtte til prosjektet.

• Etter ein konsekvensutgreiingsprosess (KVU) presenterte FrP/H-regjeringa 20.12.13 sin konklusjon om å gå vidare med midtre trase med kryssing av Bjørnafjorden.

Det er Regjeringa som har fullmakt til å fatta vedtak om trase knytt til KVU-prosessar.

Stortinget har normalt inga rolle i høve val av trase, og ingen parti har heller reist trasevalet som sak i Stortinget etter regjeringsvedtaket 20.12.13. Ei heller Venstre.

I tråd med dei konstitusjonelle prinsippa er Stortinget løyvande og lovgjevande organ, medan Regjeringa er utøvande organ. I høve vegsaker tyder dette at Stortinget berre skal ta stilling til eventuell realisering og finansiering av prosjekta. Dei skal ikkje ha sjølve trasevalet til handsaming. Det burde Haugland veta.

Det indre trasealternativet er no lagt bort, og Statens vegvesen arbeider utelukkande med det midtre alternativet. Det har til og med Fusa kommune akseptert, og dei arbeider no konstruktiv for å sikra Fusa eit godt tverrsamband til ny E39.

Dei einaste som ikkje ser ut til å ta dette inn over seg er Glenn Erik Haugland og Os Venstre.

Mitt fokus har også vore at trasevalet ER fatta, og at vi osingar no må konsentrera oss om å sikra det beste ilandføringsalternativet og den beste veglina for ny E39 gjennom Os.

Så langt har vi lukkast godt i dette arbeidet.

Statens vegvesen har tatt inn Os kommunestyre sitt alternativ med ilandføring i Bjørnatrynet og miljøtunnel vidare til Moberg som eit av alternativa i det vidare planarbeidet. I tillegg har dei sjølv lagt fram eit alternativ med tunnel under Søre Øyane. Vår jobb er no å sikra at skjergarden i Øyane vert skjerma og at sørenesingane kan ta Søre Neset tilbake ved at gjennomgangstrafikken vert lagt i tunnel.

Den vidare planprosessen for E39 Hordfast er at planprogrammet skal opp til vedtak våren 2015, medan endeleg plan skal bli vedtatt våren 2016. Statens vegvesen har ein klar ambisjon om at kommunedelplanen skal bli vedtatt våren 2016, slik at prosjektet kan prioriterast i Nasjonal Transportplan (NTP) 2018-27 som Regjeringa skal leggja fram vinteren 2017. Stortinget skal vidare handsama ny Nasjonal Transportplan i vårsesjonen 2017.

Det er difor høgst truleg at det sitjande Stortinget vil handsama Hordfast som del av NTP-vedtaket – stikk i strid med det Haugland hevdar.

Glenn Erik Haugland stiller i sitt lesarbrev spørsmål om respekten for demokratiet.

Spørsmålet er vel eigentleg om Haugland har respekt for lovleg fatta vedtak, og dermed demokratiske prosessar.

Regjeringa har i tråd med sine fullmakter fatta vedtak om midtre trase, og fylkesårsmøtet i hans eige parti, Hordaland Venstre, gjekk 10.02.13 inn for midtre trase for E39 Hordfast. Er ikkje respekt for fleirtalsvedtak også ein del av demokratiet?

Glenn Erik Haugland, Os Venstre og Folkeaksjonen mot Bru står sjølvsagt fritt til å kjempa mot E39 Hordfast heilt til prosjektet eventuelt er endeleg vedtatt og finansiert av Stortinget. Det er også ein del av demokratiet, noko eg har full respekt for. Men dei bør ikkje villeia ved å hevda at Stortinget skal ta stilling til sjølve trasevalet. Det er ganske enkelt feil, då denne fullmakta uomtvistelig er delegert til Regjeringa. Dei bør heller ikkje trekkja i tvil det demokratiske sinnelaget til dei av oss som faktisk tek inn over oss at trasevalet er fatta.

I fortsetjinga bør vi bruka alle krefter på å sikra ei best mogeleg løysing for framtidig E39 gjennom Os. Sikring av skjergarden i Øyane, miljøtunnel under Søre Neset og kva positive ringverknader E39 kan få for næringslivet i Os, er og blir mitt fokus fram til planprosessen er avslutta i 2016.

Terje Søviknes (Frp)
Ordførar Os kommune


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.