Denne pukkellaksen på 1,1 kilo tok Paul Lekven tysdag førmiddag (foto: Andris Hamre)

To pukkellaks på to dagar

Fiskarar har dei to siste dagane tatt den framande arten pukkellaks (russerlaks) i Oselvo.

image
image
image
Av: Andris Hamre

For to år siden skreiv vi om Paul Frotveit som fekk ein pukkellaks i Oselvo. Det var då den første kjende fangsten av den spesielle stillehavslaksen.

I løpet av dei to siste dagane har to fiskarar, begge i sone 2, fått kvar sitt eksemplar av arten. Første drog Remi Bårtvedt ein på 1,5 kg i land måndag, før Paul Lekven tok ein på 1,1 kg tysdag.

– Det var ein vilter kar det der, han for fram og tilbake, fortel Lekven når Midtsiden møter han og fiskekameratane i sone 2.

Karakteristiske prikker

Dei tre trur, etter å ha googla, at det er ein pukkellaks Lekven har fått, men er ikkje heilt sikker då den karakteristiske pukkelen på ryggen ikkje er så framtredande.

– Jo, dette er definitivt ein pukkellaks, slår Ole Vidar Søviknes, som følgjer fisket i elva tett gjennom nettsida prohd.no

– Du kan sjå det på dei karakteristiske prikkane på sporen (halefinna, journ.mrk), i tillegg ser du at korleis den svingar innatt her bak finna og ned mot sporen, forklarar Søviknes.

Blei satt ut i Russland

Pukkellaksen blir også kalt russerlaks etter at russerane begynte etablering av laksearten på Kolahalvøya på 1950-talet, særleg frå midt på 80-talet fekk dette ein oppsving og det skal id ag vera etablerte bestander av arten både på nordlege delen av Kolahalvøya og i elver som munner ut i Kvitsjøen. Det er òg indikasjoner på at den kan ha etablert seg også i enkelte elver i Aust-Finnmark.

I følgje tanafisk.no skal det ha vore observert mykje pukkellaks i norske elver i år.

Truer ikkje den konkurrerar med stadbunde laks

I følgje artsdatabanken frå NINA (Norsk institutt for naturforskning) trur forskarane at den ikkje vil vera ein næringskonkurrent til stadeigne artar.

– I og med at pukkellaks ikkje tek til seg næring i ferskvann, er det ikkje grunn til å tru at pukkellaks vil vere næringskonkurrent til stadeigne artar, eller predator på fiskeegg frå desse. Det kan kome til konkurranse om gytehabitat mellom pukkellaks og stadeigne laksefisk (laks, aure, røye, sik). I Norge gyter pukkellaksen normalt før desse artane, og det er derfor usikkert i kva grad den har ein negativ innverknad på deira rekruttering. Men sopputvikling på død pukkellaks og døde pukkellaksegg kan gje auka infeksjonspress på egg og fisk frå stadeigne bestandar. I og med at pukkellaksen døyr etter gyting kan den potensielt ha ein positiv innverknad på elveproduksjonen av andre fiskeslag ved at den tilfører energi frå havet, slik det er kjent frå stillehavslaksanes naturlege utbreiingsområde. For den marine fasen er det tenkeleg at store bestandar av pukkellaks kan ha betydeleg negativ innverknad på stadeigne artar i Norge. Dette er imidlertid eit uutforska område, heiter det i databladet

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.