Sport | 28. feb. 2014

Ramo skåra i Tyrkia

Ramo Racic skåra sitt første mål for Lysekloster i gårsdagens treningskamp mot sveitsiske SC Brühl.

Ramo skåra i Tyrkia
Ramo Racic skåra i går sitt første mål for Lysekloster, i treningskamp mot sveitsiske SC Brühl. (Foto: Dagfinn Breivik, Lysekloster IL)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. feb. 2014 09:50

Søndag reiste A-laget til Lysekloster på treningsleir i den tyrkiske byen Side.

Torsdag spelte dei den første av to planlagte treningskampar. Motstandar var SC Brühl frå den svietsiske byen ST Gallen.

SC Brühl - Lysekloster 2-1 (1-0)
Målskårar, Lysekloster: Ramo Racic

– SC Brühl speler på tredje høgaste nivå i Sveits, ein divisjon som berre har éi avdeling, så det var lagt til rette for god motstand, seier dagleg leiar i Lysekloster IL, Ørjan Sandal.

Sandal er sjølv ikkje med på turen, men har fått rapport frå trenar Torbjørn Birkelund.

– Etter kva eg har forstått presterte vi greit, seier Sandal.

Reisebrev med kamprapport

Spelar Daniel Kalstad går på krykker, men er med på turen og skriver reisebrev dag for dag på lysekloster.no.

- Vi var ikkje tøffe nok i duellane i starten på kampen, i tillegg var vi litt utålmodige i oppspelfasen, så det blei nokre stygge brot imot.

– Men vi kom inn i rytmen etterkvart og fekk til nokre fine kombinasjoner, seier Torbjørn til eigen heimeside.

lysekloster.no kan du sjå bilde og lesa meir om kampen.

Ramo Racic, som i vinter gjekk frå Os til Lysekloster, skåra sitt første for ny klubb.

Birkelund trekk fram den nye keeperen Chris Sunde Midtun som ekstra solid i gårsdagens kamp.

Ny kamp laurdag

Neste kamp går laurdag mot Lura frå Sandnes.

– Lura har spelande trenarar med bakgrunn i Sandnes Ulf og er eit hardtsatsande 4. divisjonslag, seier Ørjan Sandal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.