midtsiden

Rauk ut av VM

Fleire av brytarane frå Os Handbakklubb vann sine første kampar, men Arne Thuen er den einaste som tar medaljar med seg heim.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Søndag, september 13, 2009 - 11:34

Os Handbakklubb stilte med fem deltakarar i årets VM i Italia. Arne Thuen var først ute, med bryting torsdag, der han vann to sølv.

Frode Veim Haugland vann sine to første kampar, men rauk så ut.

- Eg tapte på to fattige olboge-løft. Eg hadde full kontroll på han, men armen sklei av, skriv Frode til Midtsiden i ei teksmelding.

Også Øyvind Birkeland vann sine to første kampar før det blei tap. Tore Matre vann éin kamp, tungvektar Are Strønen ingen.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Relaterte saker: