Sport | 25. apr. 2013

Redda av kunstgras

Grasbanen på Kuventræ er framleis fleire veker frå å vera brukande, og arbeidet med nytt dekke på den eldste banen er, heldigvis for Os Turn, utsett til midten av mai.

Redda av kunstgras
Grasbanen på Kuventræ er fleire veker frå å vera brukande. Nytt dekke er på veg, men det er til den eldste kunstgrasbanen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. apr. 2013 13:33

I vinter blei det bestemt at A-laget til Os, for første gong sidan grasbanen på Kuventræ var ny for 60 år sidan, i år har den nyaste kunstgrasbanen på Kuventræ som hovudarena.

Les òg: A-laget droppar grasbanen

Ikkje alle spelarane var nøgde med avgjerda, men etter den rekordlange vinteren er det tydeleg at våren 2013 uansett ville vore på kunstgras.

– I fjor blei grasbanen stengt for trening i veke 35. Etter dette var det berre nokre få treningar og kampar på grasbanen, og i år startar sesongen på graset endå seinare, seier dagleg leiar i Os Turnforening, Hans Parnefält.

– Fleire lag i Hordaland som speler på gras, og som er i divisjonar der dei er pliktig å bruka hovudarenaen, har fått utsett fleire kampar no i seriestarten.

Stort, ubrukt areal

Parnefält vil i denne omgangen ikkje innom diskusjonen om verken fotballspelarane si interesse for gras eller diskusjonen om friidrett.

– Friidrettshjarta mitt og fotballhjarta mitt seier gras, vaktmeister-hjarta mitt seier kunstgras.

– Fotball har blitt ein heilårssport. Vi har nesten 600 fotballspelarar i klubben og sprengt banekapasitet, og sånn grasbanen ser ut i dag så slår det meg kor stort areal som er ubrukeleg nesten to tredelar av året.

Ungane redda av sein leveranse

Grasbanen på Kuventræ skal brukast i år, men av dei yngste, som sliter mindre på banen.

At det skal leggast nytt kunstgras på den 10 år gamle eldste kunstgrasbanen på Kuventræ, med tilhøyrande periode på ei veke eller to med halvert banekapasitet, har gjort at fleire har halde pusten med tanke på både trening og kampavvikling.

Les òg: Fekk kunstgras-garanti

– I tillegg har vi den store Jentefotballdagen, laurdag 27. april når vi får 240 jenter frå fleire klubbar på Kuventræ, som vi var redde for å avvikla på éin bane, seier Hans.

Arbeidet skulle etter planen bli gjennomført i midten av april. Men så kom den gledelege meldinga om utsett leveranse av nytt gras.

– Det nye graset kjem i veke 20, 17. mai-veka, så då får graset nokre veker å gro på og Jentefotballdagen kan gjennomførast på to kunstgrasbanar.

Kva med resten av Kuventræ?

Dagleg leiar i Os Turnforening, Hans Parnefält, vil førebels ikkje seia noko om arbeidet med nytt sentralidrettsanlegg på Kuventræ.

Les òg: Fekk midlar til ny plan

Torsdag 2. mai er neste møte i prosjektgruppa, som førebels har lagt lokk på det dei diskuterer.

Prosjektgruppa består av politikarane Eirik André Hesthamar (Frp) og Jon Sivert Rykkel (V), Tor Inge Døsen og Tom Leonsen frå Os kommune, Jermund Flaskerud frå Os idrettsråd, Hans Parnefält frå Os Turn og Leif Gunnar Borgen frå Osbadet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.