Lokal | 30. sep. 2013

Redningsselskapet vitja Os

Redningsselskapet fekk med seg politi, brannvesen, ambulanse og norske redningshundar då dei vitja Os for å læra 6. klassingar om sjøvett og førstehjelp.

Redningsselskapet vitja Os
6. klassingar frå Os og Kuventræ skule fekk ein litt annerleis start på skuleveka, mellomanna med vitjing ombord i redningsskøyta (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 30. sep. 2013 09:08

Redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen la måndag til ved gjestebygga ved Os Kai kor brannvesenet, ambulansen og politiet allereie sto og venta. Med på seglasen frå Bergen var òg den nye politibåten.

– Vi er ute på ein forebyggande seglas langs kysten rundt Bergen.

– Dette er den tredje hamna vi vitjar i løpet av desse dagane, fortel overstyrmann, og koordinator for vestlandet i Redningsselskapet, Kari Dahl.

Vil trygje barna

Saman med dei lokale redningsetatane hadde Redningsselskapet invitert 6. klassingane på Os og Kuventræ skuler til ein dag i forebyggingens teikn.

– Målet med seglasen er å gjera ungane trygge på eigne kunnskaper og på sjøen.

– Her får dei lært grunnleggjande førstehjelp, som stabilt sideleie, av ambulansepersonalet. Dei får sjå og høyra korleis brannvesenet og norske redningshundar arbeider og dei får møta politiet og læra om kva reglar som gjeld både til lands og på vatnet, forklarar Dahl.

Fekk "styra" skuta

Ombord i redningsskøyta fekk elevane prøva seg både på sjømannsskap med korleis knyta knutar og kva ei skal gjera om nokon fell på sjøen.

– I tillegg får dei freista forskjellige typer flyteplagg, slik at dei blir kjende med desse og lærar seg korleis ha dei rett på.

Størst stas var det truleg då 6. klassingane fekk entra skipperstolen ombord i redningsskøyta og freiste både joy-stick og videokamerat.

Frå Trondheim til svenskegrensa

Seglasen er ei videreføring av tilsvarande forebyggande seglaser på aust- og sørlandet.

– Vi tek sikte på å ha ein slik seglas kvart år også på vestlandet.

– Mottakinga vi har fått så langt har vore god, kva hamner vi kjem til å vitja neste år får vi ta ei evaluering av når vi er ferdig med denne rundtturen, avsluttar Kari Dahl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.