Rekordrask reaksjon frå vegvesenet
Busshaldeplass i Øyane blir bygd om etter at Jonn Garvik i går tok spørsmålet opp i politisk kvarter.
Bildeserie:
I formannskapet sitt politiske kvarter (der politikarane kan ta opp det dei ønskjer utanom sakslista) stilte Jonn Garvik (Frp) spørsmål om busshaldeplassen det hadde blitt jobba med på Bruarøy dei siste to vekene.
– Dei siste to vekene har busshaldeplassen på Bruarøy, rett etter brua, vore under ombygging. Denne ombygginga synast å bli til særs større ulempe enn den gamle. Rampen og busskuret er flytta til langt innpå vegen, den flotte granittsteinen dei har lagt ned, burde ha vore plassert i front av det eksisterande busstoppet og ikkje midt ute i vegbanen som dei no har gjort det.
– Dette er eit knutepunkt for fem mindre vegar, blant anna ned til butikken. Her kjem det til å bli trafikkaos utan sidestykke, meinte Garvik, som òg peika på at plassen større køyretøy tidlegare hadde hatt på snu på no var vekke, og at desse no må køyre vegen til endes, ytst på Røtinga, forbi blant anna ein barnehage, for å snu.
– Eg ber om at dette blir tatt opp med vegvesenet og fylket før vi får uhell der ute.
Kommunen ikkje involvert
Garvik fekk full støtte frå dei andre politikarane i formannskapet.
– Spesielt med tanke på det siste i innlegget til Garvik, så må dette takast opp med ein gong, kommenterte Eirik André Hesthamar (FrP).
– Dette høyrest ikkje bra ut. I kva grad har kommunen vore involvert, undra Nils-Anders Nøttseter (MDG).
– Ikkje i det heile tatt. Dette er eit standardopplegg vegvesenet køyrer når dei skal bygga om busstopp til universell utforming, svara ordførar Terje Søviknes (Frp), før Marie Bruarøy (H) fortalde at heller ikkje naboane hadde blitt informert på førehand.
Fekk rask respons
Administrasjonen tok, rett etter møtet, saka opp med vegvesenet og Garvik fekk rask respons.
– Berre ein time etter møtet ringte vegvesenet.
– I dag har dei vore på synfaring og dei vil på strak arm koma med eit nytt forslag og bygga det om, slik vi ønskjer, fortel Jonn Garvik onsdag.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.