Lokal | 21. sep. 2016

Representerer minst 15 prosent av innbyggarane

Dei saumfarer reguleringsplanar for å gjera Os god for alle. – Dette handlar ikkje berre om rullestolbrukarar, vi tar imot innspel frå langt fleire, seier Harald Norheim.

Representerer minst 15 prosent av innbyggarane
Harald, Harald, Jan og Jan - Norheim, Haga, Berge og Johnsen - inviterer både lag og individuelle til å koma med behov og innspel. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. sep. 2016 07:58

Har du allergi, svakt syn, dårleg høyrsel eller psykiske problem? Visste du at du har eit organ som kan tala di sak inn til administrasjon og politisk leiing i Os kommune?

– Det er lett å sjå at eg sit i rullestol, men det er mange andre som har nedsett funksjonsevne og som kanskje ikkje veit om dette rådet vi sit i, seier Harald Norheim.

Rådet har sju medlemmar. I tillegg til representant frå administrasjon (Marny Strømland), politisk posisjon (May Britt Haringstad Mjøs, Høyre) og opposisjon (Trine Ludvigsen, Sp), er det fire medlemmar frå lag- og organisasjonsliv.

Her sit Harald Norheim (NHF), Jan Johnsen (Os Revmatikerlag), Harald Haga (LHL) og Jonny Haugland (HLF, Hørselshemmedes landsforbund).

Måndag var rådet samla, med vara Jan Berge inn for Haugland, der dei blant anna fekk orientering frå Tor Inge Døsen om Bydraget. Her fekk rådet koma med innspel om ledelinjer og om planter utan pollen når sentrum no får seg eit løft.

Representerer 15-30 prosent av innbyggarane

Rådet er nedsett av kommunestyret og har som oppgåver, blant anna, å gje vurdering av forslag til økonomiplan og til reguleringsplanar med verknad for menneske med nedsett funksjonsevne.

– Nokre overslag seier at 30 prosent av innbyggarane i Noreg har ein eller annan form for nedsett funksjonsevne.

Norges Handikapforbund har i ein oversikt skrive 15 prosent, men presiserer at tala er avhengig av kva som blir definert som nedsett funksjonsevne.

– Uavhengig av synest eg det er viktig at alle veit at vi kan kjempa deira sak, ung som gamal, uansett kva type nedsett funksjon dei har.

Vil ha sakene inn tidleg

Noko av det rådet bruker mest tid på er å gå gjennom kommuneplan, kommunedelplan og reguleringsplanar.

– Det kan vera lett å gå i den fella at du gløymer å tenkja på andre enn medlemmane i ditt eige lag. Vi er berre fire lag representert i rådet, mens mange andre sikkert kan koma med gode innspel eller gje oss auka innsikt, seier Harald Haga frå Os LHL.

– Vi ønskjer å få inn planane så tidlg som mogleg, og vi ønskjer å få innspel så tidleg som mogleg. Det er betre å få justert ein plan på rett kjøl tidleg enn å koma etterpå å seia at noko må gjerast på ein annan måte.

Rådet presiserer at du ikkje treng å vera medlem av eit lag for å vera i målgruppa.

– Det er nok mange som ikkje er medlem av eit lag eller ein organisasjon sjølv om dei har ein eller annan form for funksjonshemming. Kanskje dei vil unngå å føla seg kategorisert? Uansett kan dei koma til oss med behov og innspel, seier Norheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.