Lokal | 24. okt. 2014

Retta kniv mot politiet

Ein mann frå Os er dømt til fengsel etter at han blei stoppa i narkorus og motsette seg arrest.

Retta kniv mot politiet
Politiet under aksjonen i Os i mars, der dei måtte bruka peparspray mot ein rusa førar som truga med kniv. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. okt. 2014 07:41

Det var ein onsdag i mai at mannen blei stoppa av politiet mistenkt for biltjuveri og kjøring i rusa tilstand.

Mannen retta kniv mot ein av politibetjentane. Politibetjenten forklarte at tiltalte tok kniven ut av innerlomma mens to betjentar heldt han fast. Han retta kniven mot magen og politiet måtte bruka mykje krefter, og peparspray, for å få han til å sleppa kniven.

I Nordhordland tingrett var han tiltalt for både trugslar mot offentleg tenestemann, bruk av narkotika, kjøring i narkorus og kjøring utan gyldig førarkort. Blodprøve tatt etter kjøringa viste at tiltalte var rusa på ulike narkotiske stoff, blant anna amfetamin.

Han var også tiltalt for å ha gått med kniv på seg på Amfisenteret i Os nokre veker seinare, og for i sommar å ha blitt tatt med 1,4 gram amfetamin og nokre narkotiske tablettar på seg i Bergen i sommar, same dag som han blei tatt for tjuveri av klede for 3700 kroner på ein butikk i Bergen.

Tiltalte møtte i retten og sa seg delvis skyldig. Han innrømte straffeskyld for narkotika og tjuveri i sommar, men ikkje for bilkjøringa og trugselen med kniv.

Mannen, som tidlegare erdømt fire gongar, blei dømt til 1 år fengsel. 7 månadar av straffa blir utsett på vilkår med prøvetid på to år, 10 dagar varetekt kjem til frådrag på dei fem månadane han må sona. Tiltalte mista også retten til å ta førarkort for alltid, noko som i praksis betyr fem år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.