Næringsliv | 29. jan. 2014

Rettar seg mot førstegangsetablerarar

Børge Moberg og Robert Kaastad håper ungdomen vil etablera seg i landlege omgjevnadar og byr på romslege leilegheiter i låg prisklasse.

Rettar seg mot førstegangsetablerarar
Børge Moberg og Robert Kaastad framfor utsiktstomta dei no skal bygga 16 husvære på. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. jan. 2014 11:41

I skrivande stund er det, på Finn.no, annonsert 80 bustadar for sal i Os.

Utvalet husvære til under to millionar kroner er ikkje så verst, nokre nye leilegheiter går til 1.490.000 kroner.

Men vil du ha ein ny bustad med to soverom er det mindre å velja i.

Selte 2 av 8 første veka

Dei er begge i 30-åra, men har bra med erfaring frå byggebransjen, Børge Moberg som eig byggefirmaet Himo AS og entreprenør Robert Kaastad som eig Os Entreprenør Osøyro AS.

Som privatpersonar har dei gått inn og sikra seg ei fin utsiktstomt i Hegglandsdalen, der dei no rettar seg mot førstegangsetablerarar.

– Vi skal bygga til saman fire 4-mannsbustadar i to trinn. Dei første åtte blei lagt ut for sal i førre veke og to er allereie selt, fortel Moberg.

Det er Moberg sitt selskap Himo Utvikling AS som står som utbyggar.

To soverom til 1,7 millionar

Tomta ligg i Eidsvegen, vegen frå Hegglandsdalen over til Hatvik, med utsikt over Hegglandsdalen og kort veg til skule og to barnehagar.

Alle 4-mannsbustadane er like, med noko lågare pris i førsteetasje i forhold til den øvste.

– Vi trur det er ein god marknad for rimelege hus. 75 kvadratmeter bruksareal og to soverom til 1.690.000 kroner er det beste vi får til mot førstegongsetablerarar.

– Kjøreturen til Eidsvegen er kort frå Os sentrum, no håper vi at ungdomen og andre som er på jakt etter ein god, men rimeleg plass å bu, set pris på den fine naturen i Hegglandsdalen, seier Kaastad.

Korleis bygga billig?

På spørsmål om korleis dei vil forsvara så låg kvadratmeterpris svarer Kaastad, med eit lurt smil:

– Eg har allereie tatt eit tap i dette terrenget, så eg spanderer rabatten.

Han siktar til grunnarbeidet han gjorde for 10-12 år sidan for førre eigar av tomta. Bergensselskapet gjekk konkurs og Robert fekk ikkje oppgjeret sitt.

– Vi kjøpte tomta frå konkursbuet og mykje av grunnarbeidet er gjort. Samtidig gjer eg og Børge sine selskap resten av jobben med grunnarbeid og oppføring, forklarer han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.