Kultur | 31. des. 2016

Rocka jula ut med ivrig allsong på Ole B

Publikum sto i ring rundt Riff/Raff og song AC/DC-låtar for full hals.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 31. des. 2016 11:04

Bildeserie:

1 av 2

Det er ikkje berre 1. juledag som er ein stor utedag i Os, i år landa tre populære, tradisjonsrike konsertar på same kveld.

På Peppes/Bart var det utselt med 330 publikummarar, i Nore Neset Aktivitetshus var det 450 gjestar.

Ole B hadde også tett med folk og 140 selte billettar til tribute for både AC/DC og norsk rock med Verdiløse Menn.

Starta med AC/DC

Tributebandet Riff/Raff opna festen og spelte AC/DC-låtar frå klokka 22 til midnatt.

Vokalist Leon Åserød var innom både Bon Scott og Brian Johnson sine vokalistperiodar, og måtte unnskylda seg for at han hadde gløymd lua då han svitsja til Brian. Med «You shook me all night long» auka allsongfaktoren, og den heldt fram gjennom både Back in Black og den norske rocken som kom seinare.

Allsong på norsk og engelsk

Leon speler saman med broren Jan Atle «Padden» Åserød, Heine Salbu, Trond-Ove Wik og Ørjan Gert Olsen i Riff/Raff.

Med Verdiløse Menn fekk Leon seg ein pause, mens Padden sette seg ved trommene og Heine heldt fram på gitar. I tillegg

Verdiløse Menn, med Sven Erik «Svenna» Gabrielsen som frontfigur og Jan-Ove Hansen på bass, er stødige på norsk rock på norsk, blant anna av Jokke og Valentinerne.


.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.