Kultur | 30. juni 2014

Rockar Tønsberg i sommar

Eirik Søfteland med rockeshow i Tønsberg og plateinnspeling. – Eg håper ein EP kan koma i slutten av august, fortel Søfteland.

Rockar Tønsberg i sommar
Eirik Søfteland med sommar-rock i Tønsberg og EP til hausten (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 30. juni 2014 10:40

Torsdag ser du han i «Allsang på Grensen». Har du heller lyst å oppleva Eirik Søfteland live før han speler på Osfest første helga i august, er Tønsberg staden å besøka.

– Eg skal vera med på Rock ´n Roll Adventure saman med Åge Steen Nilsen (kjent frå WigWam) og hans nye band Ammunition i Oseberg Kulturhus.

– I tillegg til meg er Nils K. Rue, ein av dei råaste vokalistane i Noreg, og Linda Kvam, med som solistar.

– Det kjem til å bli dritfett, stråler Eirik Søfteland.

Hyllest til den tidlege klassiske rocken

Showet, som tar for seg rocken frå 1964 til 1975, er ifølgje Søfteland ei hyllest til den tidlege klassiske rocken.

– Det er den musikken som på mange måtar var hevymetalen si vugge.

– Det blir låtar frå The Who og Jimmi Hendrix til Led Zeppelin og Black Sabbath.

– Vi speler kvar fredag og laurdag i heile juli.

Planlegg fleire EP-ar

Samstundes med show i Tønsberg kjem Søfteland til å bruka mykje tid i studio i sommar.

– Mange synest kanskje det har tatt tid, og det har det jo.

– Men eg meiner det må gjera det. Eg har jobba fram og kultivert ein sound eg no er nøgd med.

– Eg vil mykje heller bruka tid på eit godt produkt, enn å la meg pressa til å haste-utgje noko eg ikkje er nøgd med.

– Forhåpentlegvis kjem den første EP-en tidleg på hausten, kanskje i slutten av august.

– Den første, planlegg du fleire?

– Ja, du veit, eg har lyst til å gjera litt forskjellige ting med ei større spennvidde enn berre ein sjanger.

– Det å miksa alt inn på ei plate føler eg blir feil. Difor planlegg i staden å gje ut eit par EP-ar med kvar sine uttrykk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.