Kultur | 13. jan. 2014

Rockeskulen - del éin

Os Rockeklubb fekk KUP-midlar til skulering av musikkinteressert ungdom. – No startar vi dei første kurs i samarbeid med BRAK, seier Kjetil Osablod Grønvigh.

Rockeskulen - del éin
Karen Sofie Sørensen, Dagleg leiar i BRAK, held det første av dei tre kursa, kor temaet er søknadsskriving (pressefoto: BRAK)
Andris Hamremandag 13. jan. 2014 13:44

I oktober blei det klart at Os Rockeklubb fekk pengar frå dei kommunale KUP-midlane til å starta kursing av musikkinteressert ungdom.

Les òg: Meir enn berre musikarar

Etter ei tids planlegging er "rektor" Grønvigh klar med dei første kursa.

– Vi samarbeider igjen med BRAK som vi gjorde med dei første studiokursa vi hadde.

– Dagleg leiar i BRAK, Karen Sofie Sørensen, kjem til Os og Oseana 25. januar for å læra bort korleis skrive gode søknader om midler.

– Det finst ein skog av midler der ute, men det gjeld å finna dei og å levere gode søknader anten det er turnéstøtte eller støtte til utstyr og andre aktivitetar, forklarar Osablod Grønvigh.

Miksing og plate

Dei to neste kursa rettar seg meir direkte mot produksjon av musikk.

– Vi får igjen vitjing av Ivar Sandøy, som holdt det første studiokurset.

– Laurdag 15. februar blir det fokus på miksing. Det held ikkje berre å få spelt inn dei ulike instrumenta. Det må låta bra saman òg. Dette skal Ivar gje oss eit kurs i.

Les òg: Klart for innspeling

– Dagen etter blir det igjen samling i Oseana med BRAK, då med teamet korleis gi ut ei plate, forklarar "rektoren".

– Vil ut av Bergen

Os Rockeklubb er tilretteleggar og lokal arrangør for dei tre kursa, medan BRAK står for det faglege innhaldet.

– BRAK jobbar for alle som driv med musikk i heile Hordaland og Sogn og Fjordane.

– For oss er det ønskjeleg å komma ut av Bergen og i Os er det eit godt og aktivt miljø som vi har samarbeida godt med tidlegare.

– Difor var det naturleg for oss å leggje desse kursa til Os i samarbeid med Os Rockeklubb, fortel informasjonkonsulent i BRAK, Martin Kvam.

– Eg håper jo at vi òg får deltakarar frå Fusa og dei andre kommunane rundt oss.

– Kursa er opne for alle, det skjer mykje bra også hjå dei, supplerar Kjetil Osablod Grønvigh.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.