
Roleg festival
Politiet var også til stadet på årets Søfteland Rock 'n LoL nett som dei vel 2000 betalande tilskoderane.
- Det har i det store og heile gått fint for seg, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Fredagskvelden var det riktig nok ein som blei skubba i vatnet etter litt bråk nede på campingen.
- I tillegg var det ei 16 år gamal jente som var utagerande både mot andre festivaldeltakarar og politiet.
- Ho blei tatt hand om og overlevert foreldra, men kan venta seg å bli meldt for vald mot politiet, forklarar Sperrevik.
Etter at konsertane laurdag var over skal ein kar ha blitt slått uprovosert i ansiktet nede på campen.
- Det har ikkje kome noko på det forholdet så langt, så det kan vera at dei har ordna opp seg i mellom, avsluttar Sperrevik.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no