Lokal | 24. mai 2015

Rømmande hest og bråkete fest

Ein hest i Hagavik likte ikkje innhegninga si og stakk, to gongar. Politiet måtte dempa musikk frå fest, to gongar.

Rømmande hest og bråkete fest
Ein hest rømte to gonger frå innhegninga laurdag (ill.foto: AH)
Andris Hamresøndag 24. mai 2015 07:36

Politiet har hatt eit par gjentakande oppdragstyper laurdag kveld og natt til sundag.

– Det første er ein hest i Hagavik-området.

– Klokka 21.50 fekk vi melding om at den gjekk langs vegen og var fare for trafikken. Patrulja rykte ut og fann hest og eigar slik at den kom seg inn att i innhegninga si, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.

Men det slutta ikkje der.

– Klokka 01.30 kom det på ny melding om ein laus hest i Hagavik-området.

– Patruljen har notert at det var same oppdrag som tidlegare på kvelden og at dei kontakta eigar direkte, så saka fekk ei løysing på den måten.

– Det spørs om ikkje heste-eigaren bør sjå på innhegninga si.

Musikkbråk i Kuvågen og på Nore Neset

To andre oppdrag av same type var høg musikk som uroa naboar.

– Den første meldinga kom 00.05 frå Nore Neset. Patruljen reiste ut der og snakka med ei mann, som var forholdsvis motvillig til å dempa musikken. Men etter kvart fann han det best å høyra på politiet og dempa den.

– Saka fekk ikkje noko meir konsekvenser enn det.

– Seinare på natta, klokka 02.10, var patrulja i Kuvågen kor det var fest.

– Også der fekk dei som hadde festen pålegg om å dempa seg, noko dei etterkom utan meir diskusjon, fortel vakthavande betjent.

Blei nekta på bussen

Klokka 15.07 laurdag ettermiddag blei ein kar nekta adgang på bussen på bussterminalen på Osøyro.

– Han blei oppfatta som ustabil og rusa. Bussjåføren ønskja ikkje å ha han med på bussen.

– Karen tok det til etterretning og satte i marsj.

Kikka etter kjøleskap

Kvart på eitt i natt observerte politiet ein bil som køyrde ut frå Amfi og gjenvinninga ved Elkjøp.

– Føraren fortalde han hadde vore og sett etter eit kjøleskap.

– Han fekk beskjed om at det ikkje var lov å henta slike der, avsluttar vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.