
Ros til Os
Brann og Hordaland fotballkrets tok tysdag ut 180 spelarar til «Talentsenter Vest», ei satsing kor dei basert på innspel frå klubbane samlar dei beste spelarane i kretsen til felles trening.
Etter fem treningsøkter fram mot jul skal troppen slankast ned til 40 spelarar i dei to årsklassane som skal vera med vidare i talentsatsinga.
- Dette er ei annerkjenning til klubbane i Os for det arbeidet som blir lagt ned på treningsfeltet kvar veke, seier Roald Stigen, sportsleg leiar i Os Turn.
- Det er utruleg kjekt at det er ei så jamn fordeling av spelarar mellom klubbane i bygda.
- Eg trur òg at satsinga klubbane har gjort gjennom Os alliansen er ein viktig grunn til at så mange som 19 spelarar er med.
Inspirasjon til gutane
Totalt meldte klubbane i kretsen inn 225 spelarar som aktuelle til samlingene.
- Vi håper at dei spelerane som er tatt ut no før jul får litt ekstra inspirasjon, seier spelerutviklar i Brann Kristian Andersen til fotball.no.
Han håper òg at trenarane til gutane stiller på sidelinja for å plukka opp tips og nye øvingar.
Desse er teken ut
Begge årgangane skal trena måndager på Stavollen saman med andre spelarar frå klubbane i Bergen Sør.
99-årgangen:
Lasse Styrvoll, Søfteland
Thomas Blomberg, Søfteland
Fabian Bødtker, Jadakameratane
Fredrik Haustein, Jadakameratane
Kristian Breivik Gjøen, Søre Neset
Bjørnar Rusø, Søre Neset
Tobias McLeman, Nore Neset
Aleksander Nybø, Nore Neset
Andreas Kytiri, Os Turn
Marius Vernøy, Os Turn
98-årgangen:
Markus Bjørnevik, Søre Neset
Vegard S. Ludvigsen, Søre Neset
Thomas Lunde Fosen, Nore Neset
Vegard S. Hjelle, Nore Neset
Ola Lekven Moberg, Os Turn
Anders Havsgård, Os Turn
Torgeir Lunde, Os Turn
Eric Skorpen, Kalandseid (vore med i Osalliansen)
Matias R. Riise, Kalandseid (vore med i Osalliansen)
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no