Sport | 13. okt. 2014

Runda av opprykkssesongen

Nore Neset har skåra heile 109 mål på 16 kampar og rykker med god margin opp til 6. divisjon.

Runda av opprykkssesongen
Nore Neset-laget etter siste serierunde søndag kveld. No er dei klare for 6. divisjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. okt. 2014 13:12

Årets samarbeid med Søre Neset har ført til at Søre Neset/Nore Neset hamnar i kvalifisering til opprykk til 5. divisjon og Nore Neset/Søre Neset 2, med god margin, rykker opp til 6. divisjon.

Nore Neset står med 39 poeng (12-3-1) etter endt serie og har ein målforskjell på heile 109-30 på 16 kampar.

I fem kampar har dei skåra tosifra med mål og med 39 poeng ligg dei 6 poeng framfor neste lag på tabellen, Bønes 2 og Loddefjord 2, som begge har 33 poeng.

Måtte venta med champagnen

Opprykket blei sikra førre helg, men ikkje av eige kampresultat. Norenesingane hadde tatt med seg rikeleg med champagne til bortekampen mot Njardar/Tysnes, men laget dei slo 6-0 heime gav motstand og kampen enda 2-2.

Søndag, dagen etter, tapte tabelltoar Loddefjord 2, og opprykket var sikra. Torsdag spelte Nore Neset ein hengekamp mot Trått 3, som serievinnarane snudde frå 3-1 til å vinna 3-6.

Serieavslutninga såg ut til å bli gjennomført med stil, då Nore Neset leia 3-0 til pause over Løv-Ham, som måtte bruka sin einaste innbytar, den 58 år gamle trenaren Geir Ivar Merkesdal, i store delar av kampen.

Men gjestane reduserte til 3-2 og seinare til 4-3 på frispark, som blei mista mellom beina på keeper. På corner kom utlikninga og kampen enda 4-4. (Bortekampen vann Nore Neset 1-11).

– Dei siste kampane har vore litt prega over at vi har leia tabellen med sopass god margin. Vi klarte å snu bortekampen torsdag, men i dag gav vi det litt vekk, meiner trenar Arne Vaksinen Sælensminde.

Stabil gruppe

Sælensminde fortel at starten på sesongen blei overraskande god, og at godt treningsoppmøte av ei stabil og god seniorgruppe er hovudårsaka til at det blei ein opprykkssesong.

– Vi har stort sett reist med 18 mann til alle kampar. I dei siste rundane har vi brukt nokre junior- og gutespelarar også, og dei har klart seg veldig bra på seniornivå.

– No ser spelarane ut til å vera veldig gira på å bli kretsmeister. Første kamp i jakten på KM-tittelen går mot Odda 2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.