Runda av russefeiringa med stil!
Bildeserie: Osruss 2018 var i form i toget. Nokre heldt òg ut til presidentane sine talar.
Bildeserie:
Under skyfri himmel sat årets russekull på biltaka gjennom toget.
Etter å ha tatt delar av den siste festen i Mobergsvikjo var den fargerike rekka av bilar tampen av dagens hovudprosesjon gjennom Os, og det var framleis liv i russen, ikkje minst på jentebilane.
• Les òg: Kåra beste russebil i Os
Jentene såg òg ut til å halda ut lengst på Kyrkjeflaten, der presidentane Sukanya Sarasiri og Jenny Lundervik Sælen var dei siste som fekk ordet.
• Les òg: Russ med buss på rulling med foreldra
Sukanya snakka om etikk, demokrati og ytringsfridom, Jenny, som hausta mykje latter då ho unnskyldte den svake stemma si med at ho hadde tatt for hardt i på «Ja, vi elsker» tidlegare på dagen, takka foreldre, lærarar og arbeidsgjevarar for måten dei har vore med å forma dagens russekull på.
– Vi har vore i barnehagar og delt ut is, vi har deltatt på Krafttak mot kreft og vi har ikkje hatt éin episode der politiet måtte koplast inn, sett vekk frå saka der utanforståande dopa russ ned. Vi har opplevd samhald og vi har hatt ei fantastisk russetid, avslutta russepresidentane.
• Videointervju: Russepresidentane før russetida starta
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.