
Rusa og aggressiv
I 2-tida natt til laurdag fekk politiet melding om ein utagerande og svært rusa pasient ved Os legevakt.
- Kameratar hadde kjørt han til legevakten, som bad om assistanse frå politiet, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
- Han var så vanskeleg av patruljen måtte frakta han til Haukeland sjukehus.
Filma øl-tjuv
Mannen som torsdag blei tatt for å stela øl frå ein butikk i Os sentrum let seg ikkje skremma frå å prøva igjen. Fredag hadde tørsten meldt seg, men også då blei mannen stoppa.
- Han hadde øl i ryggsekken, så desse tok vi beslag i. Mannen beli meldt og butikken har sjølve tjuveriet på video.
Utanlandske seljarar
Fredag i 18-tida fekk politiet melding om pågåande seljarar som banka på dørene til folk på Kuhnle.
- Dei skal ha vore frå Israel, og signalementa passar til nokre seljarar som har vore i Fana for ikkje så lenge sidan. Vi rykte ut og såg etter dei, men fann ingen.
Utlendingar avskilta
Fredag fekk Os lensmannskontor melding frå nabodistriktet i sør om utlendingar på veg til Os og Bergen i bil utan betalt avgift.
- Vi stoppa bilen og tok skilta. Laurdag var dei tilbake med lovlege skilt, så då fekk dei henta bilen sin.
Stoppa ungdomsfest
I 23-tida laurdag kveld fekk politiet melding om bråk frå «heime åleine-fest» i ei gate nær Os sentrum.
- Patruljen rykte ut og oppdaga at det var mange fulle ungdomar på festen, ungar ned i 15-årsalderen. Foreldre blei varsla og dei yngste blei henta heim.
Seinare på kvelden kom melding om slåsskamp frå festen. Politiet rykte ut igjen og sørgja då for at festen blei avslutta.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no