Næringsliv | 25. mars 2015

Rustar opp på Kypros

Vitaltour inngår samarbeid med Ving og leiger Sunwing Sandy Bay Beach komande haust og vinter. – Vi vil tilby det beste, seier Inger Berit Bøyum.

Rustar opp på Kypros
Sunwing Sandy Bay Beach er Vitaltour sitt nye leilegheitshotell på Kypros (pressefoto)
Andris Hamreonsdag 25. mars 2015 10:13

Sidan Vitaltour starta i 2002 har dei to leilegheitshotella Elektra og Panas vore sentrale i den Os-baserte turoperatøren sitt tilbod i Agia Napa på Kypros.

Frå neste sesong er dei to hotella ute, og i staden har Ving sitt Sunwing Sandy Bay Beach-kompleks kome inn.

– Vi veit at mange av våre gjestar har hatt eit langt og kjært forhold til Elektra og Panas Village.

– Vi har hatt eit godt og nært samarbeid med eigarane av desse to hotella, men diverre har dei hatt ein vanskeleg sesong, noko som gjer at dei ikkje klarar å sesongopna som planlagt.

– Difor har vi sett oss om etter ei erstatning, og er glade for i dag å kunne lansera Sunwing Sandy Bay Beach som nytt hotell i vårt sortiment, fortel Inger Berit Bøyum, dagleg leiar i Vitaltour.

Godt mottatt

Haust- og vinterprogrammet for Vitaltour opna for sal onsdag morgon, med kø utanfor kontoret i Hamnevegen klokka 8.

– Vi var spente på korleis omlegginga ville bli tatt i mot, men det har gått heilt strålande.

– Allereie byrjar første flyet den 30. oktober å bli fullt, slik det, nær sagt, har vore ein tradisjon for dei siste åra.

Stiller større krav

Turoperatøren legg ikkje skjul på at kundane har blitt meir krevande sidan oppstarten i 2002.

– Folk reiser meir i dag enn dei gjorde før og har større krav til standard og komfort på hotella.

– Slik er det med den vaksne målgruppa vi rettar oss inn mot òg.

– Vi vil tilby det beste, og det gjer vi no.

– Sunwing Sandy Bay Beach er blant dei aller beste leilegheitshotella i Agia Napa, fortel Bøyum.

Den same sørvisen

Sunwing Sandy Bay Beach, tilbyr ei rekkje etterspurte fasiliteter, som mellom anna eit velutstyrt treningsrom og oppvarma utendørsbasseng.

– Sjølv om vi den kommande vinteren kjem til å dela hotellet med langtidsgjestene til Ving, så skal våre kundar oppleva den same gode sørvisen som dei er vane med.

– Vi skal framleis ha eit variert og omfattande aktivitetsprogram, dei godt vaksne og røynde reiseleiarane våre, og den forsterka kundetenesten som vi er kjende for, både på hotellet og på flyplassen både ved avreise og ankomst, avsluttar Inger Berit Bøyum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.