«Ryddar» plass til fleire UKM-deltakarar
– Gledeleg mange påmeldte, men vi utvider fristen, seier Mathilde Nonås.
I år, fem år etter førre UKM i Bjørnafjorden, blir det framføring i sal og scene igjen - og på vegg - for dei som liker å teikna.
– Folk kan stilla med det dei liker eller er gode på, om det er baking, dans, form eller farge, seier leiar for ungdomsrådet, Mathilde Nonås.
Årets UKM går av stabelen i Os Aktiv laurdag 16. mars (vi skreiv først desember, som er feil, og no retta, og vi ønsker samtidig alle god jul og god natt).
Påmeldingsfristen var i utgangspunktet fredag 1. mars, altså på tampen av vinterferien.
– Vi har 25 påmeldte til no, og nokre av dei er nok med på fleire innslag. På kort varsel, fem år sidan sist, synest eg dette var overraskande mange.
Men det er plass til fleire.
– Derfor har vi utvida fristen til og med førstkomande fredag. Dei som melder seg på fredag kveld innan midnatt er med!
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.