Lokal | 07. feb. 2016

Rykkel ny nestleiar i Hordaland Venstre

Jon Sivert Rykkel blei søndag vald til 2. nestleiar i Hordaland Venstre. – Vi har nokre tøffe tak framfor oss, seier Rykkel.

Rykkel ny nestleiar i Hordaland Venstre
Jon Sivert Rykkel blei søndag vald til 2. nestleiar i Hordaland Venstre (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 07. feb. 2016 16:30

Medan Venstre, både på fylkesnivå og nasjonalt nivå, hadde tilbakegang ved valet i fjor haust, gjorde lokallaget i Os det bra, og held posisjonen med to representantar i kommunestyret.

– Det at vi held stand, samstundes som partiet går tilbake andre stader i fylket og på landsbasis er nok noko av bakgrunnen for at eg blei vald. Det viser at vi har noko å komma med frå Os, seier Rykkel søndag ettermiddag.

Lenge sidan sist

Ein annan grunn til at Rykkel takka ja då han fekk tilbodet var at det er lenge siden venstre-politikarar frå Os har vore engasjert i sentrale roller på fylkesnivå.

– Det var på tide å melda seg på igjen. Vi i Os har gjort gode val og har bygd ein robust organisasjon i lokallaget.

– I tillegg er jo mange av konkurrentane våre i dei andre partia engasjert i fylkestinget og på fylkesnivå, så dette var ein måte for oss å påvirka dei tinga som får verknad for Os på fylkesnivå.

Står over for ein tøff jobb

Nettopp det at Os har klart å byggje ein robust organisasjon er noko Rykkel trur fylkeslaget vil få glede av når han no blir 2. nestleiar.

– I og med at Venstre ikkje gjorde det så godt i valet som for fire år sidan, så har vi ein stor jobb å gjera organisatorisk. Støtta til partia blir styrt av valresultata og vi må difor kutte kostnader og ta organisatoriske grep.

– Det blir tøffe runder og vanskelege val vi skal ta. Det å kutta er aldri gøy, men eg ser fram til å vera med på jobben og freist å påvirke det på best mogleg måte.

– I tillegg skal vi jo staka ut kursen fram mot valet i 2017 og gjennom ein nominasjonsprosess. Eg gler meg til å vera med på desse politiske prosessane, seier Rykkel.

Vil løfta fylkespolitikken

Rykkel er klar på at fylkespolitikk kanskje ikkje er det som opptek folk mest.

– Samstundes har det mykje å seie for korleis vi har det på Os. Det skjer òg ei rekkje spennande ting på fylkesnivå, mellomanna går det jo ein diskusjon om regionalisering og å slå saman fylker. Dette blir spennande å gå inn i og å ta stilling til.

– Eg er nok relativt ung, samenlikna med andre i same posisjon. Det trur eg kan vera med på å bringa ein annan dimensjon inn i diskusjonane. Det var hyggeleg å bli spurt og å bli einstemmig vald på fylkesårsmøtet i dag, avsluttar Jon Sivert Rykkel.

Rykkel blei vald for to år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.