Brann og beredskap | 14. mars 2024
Rykte ut til røykutvikling
Måtte tømma butikken ein periode før stengetid.
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. mars 2024 19:15
Torsdag i 19.45-tida fekk Midtsiden tips om avstengt butikk og brannvesen på oppdrag hos Spar på AMFI Os.
– Det var ein del røyk i butikken, og ubehageleg å pusta. Så såg eg kor det kom frå, ein taklampe, fortel tipsar, ein kunde i butikken.
På staden var røykdykkarar på veg ut.
– Det var ingen opne flammar. Røykutviklinga hadde òg avtatt, opplyser varabrannsjef Erik Walden.
Lokalet blei evakuert, men ingen andre butikkar var råka. Politiet på staden stadfestar at ingen blei skadd.
Butikken kunne òg opna igjen for drift den siste timen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.