Så blei «julegata» tent
Os sentrum har fått nye gatelys.
Bildeserie:
Etter legging av nytt steindekke, bygging av restauranthus og montering av baldakiner på Øyro og Torget blei dei første nye gatelysa tent tysdag kveld.
– Det har med trafikktryggleik å gjera, at det skal vera trygt for gåande, også dei som er svaksynte, seier Tor Inge Døsen frå Os kommune.
– Om det også er tilstrekkeleg for bilistar, eller om vi må supplera med eigne lys, vil vi utgreia i haust, når det blir mørkare.
Lysa vil skina dag og natt fram til fotoceller er monterte og styringsanlegg er programmert.
9,6 til 14,4 Watt
Ifølgje planen, som er utført av eksterne, skal det vera styrke 9,6 Watt per meter i dei nye LED-lysa.
– Vi gav litt ekstra kapasitet, 14,4 Watt per meter, og det er denne styrken det lyser med no. Så kan dei heller dimma ned 25 prosent, om dette blir for mykje, fortel Amund Sperrevik frå Sperrevik Elektro AS.
LED-remsene ligg i aluminiumsprofilar omkrinsa med eit boga glas som fungerer som ei linse. Denne spreier lyset 30 gradar.
– Vi merker auka bruk av slike LED-remser både i privat samanheng og til kontor, men dette er første gong vi monterer offentleg gatelys på denne måten. Eg synest det er sprekt av Os kommune å velja denne moderne gatelys, å forsterka inntrykket av dei fine baldakinane, framfor å ha tradisjonelle stolpar med dropeforma lys.
Alle skal få
Denne veka held monteringa av baldakinar fram, frå Dragesethjørnet til Fagerthunhuset på hjørnet av Brugata. Så skal dei gamle baladkinene frå Joker til Askvikgården rivast, for å gje rom til dei nye.
– Det skal gå slag i slag no. Når alt er på plass kjem det danske selskapet som monterer glaset til Os igjen, og når glas har kome på, og alt er tørt og tett, kjem det lys også hos dei andre, også rundt restauranten.
Havnechefen skal kunna styra lysstyrken sjølv. Dei andre kan delast inn i sonarmed ulik styrke, om det viser seg å vera best, og vil gå på automatisk styring.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.