Lokal | 06. sep. 2012

Sa ja til Irish Cat

... men om dei kan skjenka i morgon er framleis uavklart.

Sa ja til Irish Cat
Fleirtalet i Plan og bygningsutvalet med Frp/H og Ap vedtok å gje Irish Cat bruksendring til nattklubb (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 06. sep. 2012 17:38

Fleirtalet (H/Frp/Ap) i plan og bygningsutvalet (PBU) sa torsdag ja til bruksendring frå restaurant/selskapslokale/pub/kafe til nattklubb for Irish Cat. Snarast og seinast innan 1. desember 2012 må ifølgje vedtaket følgjande vera på plass:

  • Tiltak for at branntryggleiken skal vera fullt ut tilfredsstillande for dagens krav til tryggleiksnivå skal vera utført i tråd med prosjektering før lokalet vert tatt i bruk til nattklubb.
  • Omsøkt tiltak skal vera godkjent av Arbeidstilsynet før lokalet vert tatt i bruk til nattklubb
  • Tiltak for å ivareta gjeldande støykrav på omsøkt tiltak skal vera tilfredsstillande utført i tråd med Sweco AS sin rapport før lokalet vert tatt i bruk til nattklubb.

Foreslo utsetjing

Irish Cat fekk i sommar varsel om krav om stenging grunna bruken av lokala og at søknaden ikkje var levert. Då søknaden blei levert fekk nattklubben eit mellombels løyve frå skjenkekontoret der dei fekk lov til å driva nattklubbverksemd fram til saka kom opp i PBU.

I møtet fremja Terje Sperrevik (TvS) forslag om å utsetja saka då støyrapporten først var kome til kommunen onsdag ettermiddag, og at politikerane ikkje hadde fått moglegheit til å setja seg grundig inn i denne.

- Kva betyr det om vi utset saka? Fell då det mellombelse løyvet frå sidan vi har handsama saka, undra Gustav Bahus (Frp).

Det var det ingen, verken i administrasjon eller blant medlemmar i utvalet som kunne svara klart på. Uansett var fleirtalet med Frp og H klare til å handsama saka.

Sentrum med eller uten nattklubb?

Saman med Sigrid Aanestad Bakke frå KrF stemte Terje Sperrevik mot å gje bruksendring for lokala.

- Vi må ta omsyn til dei som bur i sentrum, ikkje berre dei som vil driva nattklubb. Støyen er eit problem, sjølv om ein gjer forebyggande tiltak på sjølve bygget.

- Like mykje den støyen som blir skapt av at folk går ut for å røyka.

- Eg er òg betenkt i forhold til rømningsveger når vi allerede har sett at det har skjedd eit par ulykker i trappeoppgangen. Kva som skjer om det oppstår panikk og berusa personer skal ut samtidig kan ein berre tenkja seg. Eg synes administrasjonen si grunngjeving er for tynn, argumenterte Sperrevik.

Noko særleg gehør fekk han ikkje hos dei andre medlemmane i utvalet. Derimot tok Harald Døsen frå Ap til ordet for at med den teknologien som finnest i dag bør det vera mogleg å minimalisera støyen frå nattklubben.

- Vi har programfesta at vi vil revitalisera sentrum. I det ligg det at ein òg må ha ein nattklubb, meinte Døsen.

Men kan dei driva vidare?

Sjølv om fleirtalet gjekk inn for administrasjonen si innstilling med tillegg om ei tidsfrist på å gjera utbedringane var det framleis usikkerheit om dei kan halde fram frå i morgon.

- Kva blir konsekvensane? Dei må gjera utbetringar i tråd med vedtaket. Kan dei driva vidare i morgon? undra Sigrid Aanestad Bakke.

- Det var mitt innleiande spørsmål òg supplerte, Gustav Bahus (Frp).

Plan- og bygningslova seier at ansvarleg søkjar skal sørgja for at utbetringane skal gjerast innan ei gitt frist, forklarte administrasjonen.

- Så konsekvensen for Irish Cat er at dei kan driva normalt til det er fiksa, konkluderte Bahus.

Det var ikkje Aanestad Bakke og Sperrevik einige i.

- Vi har behandla byggjesaka der de har sett nokre vilkår.

- Dispensasjonen er ei anna sak som ligg hos skjenkekontoret. Den har vi sletta i dag med vedtaket, hevda Sperrevik.

Dermed er det framleis uklart om Irish Cat kan halde fram å skjenka på den disposisjonen dei har nytta fram til i dag, eller om dei søkja om nytt skjenkeløyve.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.