Lokal | 21. okt. 2016

Sa ja til oppstart på Hjelle

PBU sa ja til oppstart av planarbeidet på Hjelle, men krev lågare utnyttingsgrad, rekkefølgjekrav om fortau og gangveg og gode illustrasjonar på utomhusareala.

Sa ja til oppstart på Hjelle
Arkitekten viste og forklarte for PBU og naboane korleis planen vil bli sjåande ut (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 21. okt. 2016 08:08

Plan- og bygningsutvalet gjekk til det uvanlege skritt å gå på synfaring allereie i oppstarten av planarbeidet for ei utbygging på Hjelle. Der blei dei møtt av utbyggar, engasjerte naboar og grunneigarar alle hadde sitt dei ville fortelja politikarane.

Naboane, som stilte med lift for å illustrera høgden, protesterte mot ei massiv utbygging med blokker, men kunne gå med på at det blir bygd eine- eller tomannsbustader.

Utbyggar peika på at høgda på prosjektet ikkje ville bli høgre enn lemstova som ligg på garden i dag og at ein ville rusta opp ein gangsti ned til Borgavegen. Engasjementet var såpass stort at utvalsleiar Gustav Bahus (Frp) hadde sitt svare strev med å halde orden på dei som ville ha ordet.

Kjekt engasjement

Tilbake i møtet blei det raskt klart at politikarane var relativt samstemde i kva retning dei vil at utbygginga skal ta.

– Det var kjekt å sjå det engasjementet som var på synfaringa. Eg fekk overrekt 160 underskrifter og dokumenter som eg har levert vidare til sakshandsamar, slik at det kan følgje saka. Dette er ei sak som engasjerar veldig i nærområdet, men i bygda ellers òg. Eg tykkjer vi fekk ganske gode innspel både frå utbyggar, naboane og dei som klagar, innleia Gustav Bahus.

– Er ombudsmenn

Harald Lekven (Sp) peika på den store einigheiten som var blant naboane.

– Det er åpanbart at omlag 100% av bebuerane der oppe var mot omfanget. Då seier det seg sjølv at vi ikkje kan gå for dette slik det ligg. Vi er ombudsmenn for dei som bur der, påpeika Lekven, som kunne akseptera visse endringar undervegs, men ikkje i det omfanget som utbyggar legg opp til.

Må redusera omfanget

Lekven fekk støtte frå Trine Lindborg (Ap) som understreka at utnyttinga måtte reduserast.

– Det er ikkje gangbart slik det ligg no. Det er for voluminøst og stort. Utbygger sa at det var 60% på synfaringa, i papira står det 65-70%. Ellers i området er det mellom 30 og 40% utnyttingsgrad. Eg kan ikkje sjå at det kjem til å sjå skapeleg ut slik det er teikna no, påpeika ho og fekk støtte frå Bahus.

– Vi ser òg at utnyttelsen er noko stor i høve resten av bumiljøet, det var difor eg spurte om dette på synfaringa for å finna smerteterskelen. Slik eg forsto naboane burde ein komma ned mot 35-40%. Vi kunne tenkt oss å seie ja til oppstart av plan i området, men legga inn nokre kulepunkt om omfang og trafikktryggleik i området, kommenterte Bahus.

Ber kommunen forskuttera Hegglandsdalsvegen

I tillegg til kulepunkt om trafikktryggleik med fortau/gangveg langs Borgavegen og Hjellevegen fremja Frp/H ein protokollmerknad kor dei ba kommunen sjå på moglegheiten til å forskuttera fortau/gangveg langs Hegglandsdalsvegen.

– Vi ber Os kommune sjå på moglegheiten til forskuttering av fortau frå Hatvikvegen til og med Valle bru. Då kan ein få ein trygg veg for gåande og syklande heilt frå krysset på Hauge til heilt oppi feltet, kommenterte Espen Aspenes (Frp) før han tilføyde at saka allereie ligg i det kommunale systemet, men at han opplevde at den hadde daua litt vekk.

Eit samrøysta plan- og bygningsutval godkjente etter det oppstart av planarbeidet men med fire kulepunkt som gjekk på.

  • Grad av utnytting skal ikkje overstiga 40% av denne reguleringsplanen sitt areal.
  • Det må innarbeidast rekkefølgjekrav om opparbeiding av fortau langs Borgavegen til Hegglandsdalsvegen og gangveg langs Hjellevegen.
  • Utenomhusareal må illustrerast
  • Ei privat avtale om tilkomstveg må vera på plass.

Alle partia stilte seg bak protokollmerknaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.