
Så kom folket
Fredagens festival trakk ikkje så mykje folk som arrangørane hadde håpa, men laurdag-Jamen seg bra ut.
Sjølv om sola ikkje heldt det ho lova, og så langt har uteblitt frå Osøren Blues & Jazzfestival, kosar folk seg med jam og konsertar på terrassen til Oseana.
Då Hereide & The Bluesgangsters drog igang årets jam-session strauma folk på oppover gangvegen mot Oseana. I skrivande stund er det nok vel 250 tilskodarar som kosar seg med bluesmusikk og noko å varma seg på i glass og kopp.
- No kom det folk, smilar Gunnar Nagell Dahl.
Gratiskonsertane held fram med Hereide & The Bluesgangsters, Blue Note Shuffle og Papa Slide Band utover dagen og gjer seg ikkje før i fem-tida.
Sjå Mustang Sally jammast frå scena.
På laurdagens program inne i Oseana står mellom anna Blue Note Shuffle, Eric Slim Zahl & The Southwest Swingers, Vidar Busk & His True Believers, Vetrehus Bluesband og Rich Harper.
Festivaldirektør Gunnar Nagell Dahl rapporterar at det framleis er billettar å få kjøpt.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no