Lokal | 26. mai 2015

Sa nei til fortetting

Plan- og bygningsutvalet vil ikkje fortetta på Austre Lurane.

Sa nei til fortetting
Plan- og bygingsutvalet høyrde tiltakshavar og naboar på befaringa før dei sa nei til fortetting på Austre Lurane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 26. mai 2015 09:58

Torsdag i førre veke handsama plan- og bygningsutvalet ei klage på det administrative vedtaket om å ikkje tillata frådeling av ein parsell til bustadføremål på Austre Lurane.

Etter ei synfaring på den aktuelle tomta, konkluderte eit samrøysta utval med at dei ville støtta administrasjonen sitt vedtak.

– Det er vel ikkje ei stor hemmelegheit at Frp/H har vore lempfeldige med å fortetta, men delar av Os har vi ikkje slept hol på enno.

– Dette er eit av dei områda, og her skal vi vera forsiktige. Infrastrukturen med veg er ikkje på plass. Tillet vi denne så skapar vi samstundes presedens i eit område med relativt store einebustadtomter, påpeika Gustav Bahus (Frp).

Håper fylkesmannen les alt

Bahus fekk støtte frå Terje Sperrevik (TvS) og Harald Døsen (Ap).

– Administasjonen har gjort ein god jobb her, og eg støttar dei.

– Eg er usikker på om begrunnelsen om infrastrukturen kjem godt nok fram, men reknar med at fylkesmannen les heile saksdokumentet.

– Eg er òg glad for at Frp/H ser verdien av å seie nei av og til, kommenterte Sperrevik.

– I tillegg til den manglande infrastrukturen er mangel på leikeareal grunn til at vi seier nei, la Døsen til.

Sperrevik sin uro for om fylkesmannen les heile saka, fekk Bahus til å undrast over om kanskje vedtaket skulle vore fyldigare.

– Kanskje vedtaket skulle vore fyldigare. Saka går jo til fylkesmannen som ønskjer å fortetta Os. Er avslaget godt nok grunngjeven når det ikkje ligg i sjølve vedtaket, undra Bahus, som fekk forsikring frå administrasjonen om at det var det.

I grunngjevinga frå administrasjonen heiter det mellom anna: «Seksjon for byggesak har i si vurdering lagt vekt på at ei fortetting av området med slike terrenginngrep vil ikkje vera ei tilpassing til eksisterande miljø der bustadane ligg fint tilpassa terrenget rundt utan store terrenginngrep. Området består av einebustader med relativt store eigedomer. Ved å gje løyve til ei slik fortetting som omsøkt vil det kunna gje presedens for heile området. Den kommunale tilkomstvegen, Smiebakken, har ikkje fortau og det er ikkje lagt inn felles leikeareal i reguleringsplanen. Ved ei fortetting i området bør det utførast ei endring av reguleringsplan for å få avklara forhold kring trafikktryggleik, felles leikeområder og liknande.»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.