Lokal | 26. sep. 2014

Saknar kano

Politiet: Kano "rømt" frå Kongshaug og førar stoppa i uregistert bil.

Saknar kano
Politiet på trafikkontroll (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 26. sep. 2014 07:14

Politiet har hatt eit relativt roleg siste døgn.

– I går kveld fekk vi melding frå Kongshaug Musikkgymnas om at ein lysegrøn kano var sakna frå området deira.

– Om det er noko der ute som finn den på rek er det fint om dei gjer skulen ei melding, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Alt ok på trafikkontroll

Lensmannskontoret har om dagen fleire studentar utplassert.

– Dei må få prøva seg i fleire deler av politiyrket.

– Då det var roleg på formiddagen i går hadde vi difor ein trafikkontroll på Byvegen ved Søfteland i retning Os.

– 22 bilar blei kontrollert utan at det var noko spesielt å påpeika.

Kjørte uregistrert bil

Omlag klokka 21.30 stoppa patruljen eit køyretøy med utgåtte prøvekjennemerker i Os sentrum.

– Bilførar erkjente forholdet og kan venta seg eit forelegg.

I tillegg bisto politiet ein uteplass med ein gjest i løpet av kvelden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.