Kultur | 20. feb. 2015

Samba på sjukeheimen

Marte og hennar brasilianske kollega Luciene lagde karneval på Lurantunet.

Samba på sjukeheimen
F.v.: Luciene Kåsin, Marte Fredriksen og Regine H. Samnøy etter dagens karneval på Luranetunet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. feb. 2015 13:47

Bildeserie:

Dottera til ein av bebuarane kom og spelte gitar. (Privat foto)
Dottera til ein av bebuarane kom og spelte gitar. (Privat foto)
Dei eldre stilte med hattar og fargerike klede. (Privat foto)
Dei eldre stilte med hattar og fargerike klede. (Privat foto)
... mens dei tilsette gjorde endå meir ut av at det var karneval. (Privat foto)
... mens dei tilsette gjorde endå meir ut av at det var karneval. (Privat foto)
1 av 3

Kva gjer du om du har ein god idé og overskot til å gjennomføra? Spring til sjefen og be om lov!

– Klart dei måtte få laga karneval, seier avdelingssjukepleiar Regine Hestad Samnøy, som også kasta seg med i dansen.

Med hatt frå Brasil

Om det er effekten av å ha ein brasiliansk kollega som førte til initiativet veit vi ikkje, men Luciene Kåsin hadde i alle fall hatten klar.

– He, he! Eg hadde den med meg frå heimlandet då eg flytta til Noreg, seier Luciene og viste den praktfulle hatten til Midtsiden.

Saman med kollega Marte Fredriksen er ho glad for at ho fekk grønt lys.

Heimelaga feiring

Både bebuarar og tilsette har gledd seg ein månad til dagens feiring. Dottera til ein av dei eldre stilte med gitar, i CD-spelare sto sambamusikk og karnevalet inkluderte dans, også med dei som sat i stol eller rullestol.

– Bebuarane var også ekstra fine i dag, nokre av dei med hatt, andre med fargerike klede. Det var veldig gøy.

Først var det kanapear, etterpå var det dekka langbord til alle tjue på avdelinga. Dagens middag og dessert, betasuppe og eplekake, var heimelaga.

Sjølv om bebuarane truleg får seg ein ekstra god middagslur i dag, skal ikkje tida gå med til å rydda ned pynten.

– Den kan henga gjennom helga, seier Marte Fredriksen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.